Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Frå og med måndag 2. juni får Utdanningsavdelinga ein ny organisasjonsstruktur. – Målet er å gjere tenestene våre meir synlege, seier utdanningsdirektør Mette Myrmell Torrissen.
Utdanningsavdelinga har vore ei eiga avdeling sidan 1. januar 2002, og har vore organisert i ein seksjon for studenttenester og ein seksjon for studiekvalitet. I tillegg har Senter for etter- og vidareutdanning (SEVU) høyrt til avdelinga.
– Seksjon for studiekvalitet og SEVU vil vere som før, men resten av aktiviteten vil bli organisert i tre nye seksjonar: Student- og fakultetstenester, fellestenester og informasjonstenester, seier Torrissen.
Seksjon for student- og fakultetstenester vil arbeide med studentekspedisjon, studentmottak, rettleiing og liknande. Seksjon for fellestenester vil ha ansvar for interne administrative oppgåver på avdelinga, og dessutan for felles studentsystem og andre IKT-verktøy. Seksjon for informasjonstenester vil jobbe med studentrekruttering og studieinformasjon, og mellom anna ha ansvar for studentportalen.
– Utdanningsavdelinga har både studentane og fakulteta som målgrupper, og vi vonar den nye organiseringa vil gje ein meir dynamisk og fleksibel organisasjon. Vi har nok litt å lære på dette med å dele informasjon og synleggjere tenestene våre, men den nye strukturen vil gjere det lettare å ta kontakt og vite kvar informasjonen finst, trur Torrissen.