Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
- Vi ønsker å setje søkelyset på kva rolle internasjonalt samarbeid spelar når det gjeld helsefremjande arbeid, seier Faustine Ndugulile, Senter for internasjonal helse (SIH).
Ndugulile er leiar for ein studentkonferanse om internasjonal helse som blir arrangert på UiB 13. og 14. mai. Konferansen tek for seg globale perspektiv knytt til helse, og ser på moglegheiter og utfordringar i internasjonalt helsearbeid. Konferansen har sitt utspring i Senter for internasjonal helse, men er eit samarbeid med ein liknande konferanse i Oslo. Den blir arrangert annakvart år i Oslo og Bergen. Hemilsenteret og Centre for Gender and Development, UiB, deltek også. Opningstalen på konferansen held David Hansen, rådgjevar til utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson. Han skal snakke om rolla til norske styresmakter når det gjeld å fremje internasjonal helse og utvikling. Frafjord Johnson var invitert men kunne ikkje komme. - Konferansen er for alle som jobbar med internasjonale helsespørsmål – både studentar og vitskapleg tilsette, men det er studentar som organiserer konferansen. Helse er i denne samanhengen definert svært vidt og inneber også sosiale, samfunnsvitskaplege og biologiske område, fortel Ndugulile. Nokre døme på tema som skal presenterast på konferansen er auka overlevingsrate for småbarn under fem år med lungebetennelse i Malawi, tidsperspektiv knytt til mental helse hjå indonesiske tenåringar. Kommunikasjonsmønster vedrørarande seksualitet og hiv/Aids mellom foreldre og soner i Ghana.
Norske styresmakter si rolle
- Vi vil diskutere ei rekke ulike tema på konferansen, så som sjukdommar som tuberkulose, malaria og hiv/aids – og problemstillingar knytt til desse. Men vi ser også på organisering av helsearbeid med særskilt fokus på internasjonalt samarbeid, seier Faustine Ndugulile. Som mange av dei som deltek på konferansen er han frå Afrika og tek graden sin i Noreg. Det er venta om lag hundre deltakarar.
Vid definisjon av helse