Uti vår hage

Publisert

Dei siste dagane har våren festa grepet om Vestlandet. Sola og varmen har lokka folk ut på plenane, og parkseksjonen er sysselsett med buskbeskjæring og ompotting.

Det er folksamt i Muséhagen ved lunsjtider. Studentar og tilsette kroar seg på benkene i sola, og gartnarane er i full gang med å gjere blomsterbeda klare til utplanting.

Også i veksthuset øvst i Muséhagen er det aktivitet. Gartnar Hilde Moen er i sving med å plante om orkidear som har stått tørt heile vinteren, og som no skal inn i varm-huset og få vatn.

– På denne tida er det ompotting og såing som er det store prosjektet, fortel ho.

I varm-huset veks det mange nytteplantar, i tillegg til orkideane. Lufta er fuktig og varm, og ein må ha eit godt tak i parykken når ein lirkar seg mellom hengande greiner og blad.

– Her ser du kakao og bomull, der har du kamfertre og tyggegummiplante, seier Moen og peikar på dei ulike plantane.

Fangar insekt i krukker

Mykje som veks her, er ting ein har høyrt om, men kanskje aldri sett. Ein bananpalme er nett avblomstra, og der blomen har vore, vil det kome ein bananklase. I eit anna bed står kaffibusk og sukkerrøyr side om side.

– Det skal jo fungere som ei utstilling. Ungane skal kunne kome hit og sjå at dei tinga dei kjenner frå andre samanhengar, som kakao og tyggegummi, opphavleg kjem frå ein plante.

I veksthuset har dei også kjøtetande plantar, noko mange tykkjer er spennande. Dei står for det meste i kald-huset, som no er stengt for vedlikehald. Men i varm-huset finst ein sort som blir kalla kannebærar. I vill tilstand veks han i regnskogane i Asia og Australia. I enden av lange slyngtrådar på blada utviklar planten kanne-liknande behaldarar.

– Byttedyra dett oppi her. Eg veit ikkje om det er sant, men eg har høyrt at nokre stader kan desse kannene bli så store at planten kan fange små apeunger i dei, fortel Moen.


Heilårsplan for hagearbeid

I hagen utanfor har dei nett fjerna granbaret frå blomebeda, og held på med å gjere klart til utplanting. Det kjem for fullt i slutten av april og i mai. Eiendomsavdelinga har utarbeida ein vedlikehaldsplan for grøntområda, som er ein detaljert gjennomgang av kva som skal gjerast til ulike tider året igjennom. Ein rask kikk i planen avslører at i månadsskiftet april/mai er det mykje beskjæring. Både store kastanjetre og låge rosebuskar må under kniven i desse dagar. Dette er også tida for årvisse oppryddingar i bed og på plenar, fjerning av granbar og kalking – dei same oppgåvene som andre hageeigarar må gå laus på.

Dei tropiske vekstane i drivhuset finn ein nok ikkje så mange av i private hagar. Hilde Moen viser dei ivrig fram, men stussar på om ho likar nokre betre enn andre.

– Eg trur eg likar alle like godt. Men her er ein plante som mange synest er morosam, seier ho, og viser veg til ein liten, spinkel potteplante i eit hjørne.

– Nokre kallar han ”rør meg ikkje”. Når du stikk fingeren borti han, slik, foldar blada seg i hop, fortel ho.

I hagen utanfor kjem den store fargeeksplosjonen først om nokre veker. Men at det endeleg er vår – det er det ikkje tvil om.

Powered by Labrador CMS