Utlysingsstopp for administrative stillingar

Publisert

Ledige administrative stillingar ved UiB - med unntak av leiarstillingar og spesialstillingar - kjem ikkje til å verta utlyst eksternt ei tid framover. Ein eigen kategori for interne utlysingar er alt oppretta på ansatt-sida.

- Heile organisasjonen må vera budd på endringar, men me vil først og fremst satsa på friviljug, intern mobilitet, seier personalsjef Eli Glambek.

Ei av årsakene til at ein no prøver å få administrativt tilsette til å flytta på seg, er trongen for spesialisering og høgare kompetanse på ein del område innan økonomi og administrasjon. Medan det til no har vore vanleg at kontorpersonale på institutt og avdelingar har registrert fakturaer, ført skuggerekneskap og gjort ymse andre administrative oppgåver, kjem dette i framtida meir og meir til å verta sentralisert i eigne einingar til dømes ved fakulteta. Fleire fakultet er alt i gang, opplyser Glambek.

Mange tilsette har fått nye og meir tekniske krevjande arbeidsoppgåver dei seinare åra, og somme kjem til oppleva at arbeidsoppgåvene dei har hatt, fell bort som følge den pågåande spesialiseringa og sentraliseringa av arbeidsoppgåver.

Ei anna årsak er trongen for å flytta på ressursar; til dømes ledige administrative ressursar over til oppfølging av studentar i samband med innføringa av Kvalitetsreformen.

Sjå moglegheitene

For å få til smidige løysingar, er det viktig at tilsette med oppgåver som heilt eller delvis fell bort, er viljuge til å søkja nye utfordringar. Anten ved å flytta på seg innanfor institusjonen eller ved å få andre arbeidsoppgåver, seier Glambek.

Ho strekar under at både arbeidsgjevar og arbeidstakar har ansvar for å sikra oppbygging og utvikling av den kompetansen som trengst i jobben.

Til neste kollegiemøte legg universitetsdirektøren fram ei sak om UiB sin personalpolitikk i omstillingsprosessar. Ei eiga sak om ny kompetansestrategi for leiarar og medarbeidarar kjem truleg opp i desembermøtet.

Det er også på tale å innføra utlysingsstopp for tekniske stillingar, men for desse stillingane må det vurderast i kvart enkelt tilfelle om stillinga krev som spesialisert kompetanse at ho likevel må lysast ut eksternt.

Powered by Labrador CMS