Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Professor emeritus Jon Lekven har blitt utnemnt til Ridder 1. klasse av St. Olavs Orden for sin innsats innan medisinsk forsking og utdanning.
Då professor dr. med. Jon Lekven kom til Universitetet i Bergen i 1977 var det for å stable på beina eit forskingsmiljø innan eksperimentell kirurgi. Sidan den gong har miljøet han var med på å bygge opp gjort seg bemerka både nasjonalt og internasjonalt. Nyleg vart han utnemnt til Ridder 1. klasse av St. Olavs Orden. I morgon får han overrekt ordenen og vert heidra av kollegaer og vener. – Det er kjekt å bli sett pris på, seier han. Sjølv meiner han at han har vore heldig og fått både spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i løpet av dei 33 åra ved UiB. Takla utfordringar – Det var ein tøff kamp å få på plass midlar til dette, seier han. Men Lekven er ikkje redd for utfordringar. På 90-talet tok han på seg nye utfordringar innanfor eit anna felt, som del av leiinga ved UiB. Først var han prodekanus ved Det medisinske fakultet i to periodar, før han vart dekanus frå 1994 og fram til 1999. I denne perioden var universitetet inne i ein ekspansiv fase, med ei dobling av studenttalet. – Dette var både travelt og spennande. I arbeidet med studieplanar fekk eg så hatten passa opptil fleire gonger. Studentane var i overkant ivrige somme tider, men unge menneske skal vere det. Samstundes opplevde eg studentane som konstruktive, og det var eit gjevande arbeid. Gjev du unge studentar ansvar, så tek dei ansvar, seier han. Artikkelen held fram under biletet Etiske vurderingar – Vi må vege formål og nytte opp mot dei risikomomenta forskingsprosjektet kan innebere. Dette må stå i eit akseptabelt forhold, seier han.
Den første utfordringa fekk han allereie tidleg i karrieren ved UiB. I arbeidet med eksperimentell kirurgi vart det nytta forsøksdyr, og universitetet fekk pålegg om å bygge nye og moderne fasilitetar til slike forsøk.
(Foto: Åse Johanne Roti Dahl)
I byrjinga av juni gjekk Lekven av for aldersgrensa. Som nybakt professor emeritus har han førebels hatt lite tid til å gjere seg erfaringar med pensjonisttilveret. Han har uansett hendene fulle som leiar for den regionale etiske forskingskomiteen i vest. Komiteen er utnemnt av Kunnskapsdepartementet og skal vurdere alle forskingsprosjekt som vedrører menneske, til dømes bruk av blodprøvar eller personlege opplysingar. Komiteen har fått over 300 nye prosjekt til vurdering i året, i tillegg til arbeid med å vurdere endringar i tidlegare prosjekt. Ivaretaking av personvernet er ei viktig oppgåve. Ifølge Lekven er arbeidet både interessant og utfordrande.