Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
UiB-forskarar har utvikla eit nytt molekyl som kan forhindre høgt blodtrykk. Nyvinninga kan bli til ny medisin med færre biverknader.
Når blodtrykket fell løyser kroppen ut eit enzym (renin-enzymet) som let blodtrykket stige igjen. Enzymet utfører ein operasjon som gjer at eit protein (angiotensinogen) vert kløyvd. Denne prosessen er naturleg og skjer med alle som opplever fall i blodtrykket, som til dømes når ein er svoltne. Problemet oppstår når enzymet ikkje sluttar å dele proteinet etter at normalblodtrykket er nådd. I desse tilfella vil blodtrykket halde fram med å stige. UiB-forskarar har utvikla eit nytt molekyl som hemmar enzymet og dermed kan bidra til å regulere blodtrykket. – Vi er enno heilt i byrjingsfasa, men molekylets kan i teorien vidareutviklast til blodtrykksmedisin, seier Rianne Harmsen som har arbeida med å utvikle molekylet i sitt doktorgradsarbeid ved Senter for farmasi, UiB. Renin-hemmaren som allereie finst på marknaden fungerer slik at den hemmar heile enzymgruppa som det blodtrykksregulerande enzymet høyrer til. Dette er ufordelaktig fordi enzymgruppa har fleire andre funksjonar som då vert nedsette ved bruk av denne medisinen, altså biverknader. Harmsen sitt molekyl påverkar ikkje heile enzymgruppa på same måte, men om det betyr at ein eventuell medisin derfor vil gi mindre biverknader enn medisinen som finst i dag er enno for tidleg å seie. Molekyla må testast på menneske før ein kan anslå om denne løysinga er betre enn den som finst på markanden i dag. – Om det blir medisin av det er det framleis fleire år fram i tid, men det føreset sjølvsagt at nokon er villige til å gi oss pengestøtte, seier ho Artikkelen held fram under biletet. (Foto: Colourbox) Einaste av sitt slag – Vi har utvikla ein heilt anna type komponent frå det som til no har vore skildra i litteraturen, seier ho. Harmsen samarbeider med forskarar frå Universitetet i Tromsø, som lagar datamodellar av molekyla. Utifrå desse modellane kan ein lettare sjå korleis ein kan finjustere utviklinga slik at ho blir best mogeleg, og kanskje kan ende opp som medisin. Stress og usunn mat – Skal ein unngå høgt blodtrykk er ein sunn livsstil det beste førebyggande tiltaket. I den grad det let seg gjere å byte stress og usunn mat med fysisk aktivitet og eit variert kosthald, så er det det vi bør gjere, seier Harmsen.
Mindre biverknad
Sjølv om det er mange som forskar på blodtrykkssystemet finst det i dag berre ein renin-hemmande blodtrykksmedisin på marknaden. Dersom Harmsen si nyvinning kan utviklast til medisin vil produktet altså vere del av ei svært eksklusiv gruppe.
Om det blir medisin eller ikkje så har Harmsen sitt arbeid likevel stor betyding for den vidare forskinga på blodtrykkssystemet. Oppbygginga av molekylet Harmsen har utvikla er avgjerande annleis i konstruksjonen frå tidlegare utviklingar på området.
Rundt førti prosent av den vaksne verdsbefolkninga har høgt blodtrykk, og av desse bur to tredjedelar i utvikla land. Det er livsstilen i desse landa som først og fremst skapar problema, fortel Harmsen.