Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Fondet skal gjera det mogleg for forskarar å driva med folkeopplysning på utviklingsfeltet.
7. februar kom den triste nyheita om at den svenske professoren og kjente foredragshaldaren Hans Rosling var død. Han grunnla stiftinga Gapminder og formidla innsikt om global utvikling, helse og klima gjennom visuell statistikk.
Sjølv kalla Rosling seg for «edutainer», altså ei blanding av «education» (utdanning) og «entertainment» (underhaldning).
Rosling sin son, Ove Rosling, og svigerdottera, Anna Rosling Rönnlund, er medgrunnleggarar i Gapminder.
Forutan å halda fram med arbeidet til stiftinga, ønsker dei ifølge Dagens Nyheiter å oppretta eit fond i Hans Rosling sitt namn.
– Det vanlege er å få eit professorat i sitt namn oppkalt etter seg på universitet. Men Hans ville at me skulle finna eit format kor andre akademikarar og forskarar som har viktig kunnskap om verda si utvikling - og som folk treng å veta om – får moglegheit til å forlata universitetet for å driva med folkeopplysing, seier Ola Roslund til den svenske avisa.
I tillegg til det nyoppretta fondet, har familien starta innsamling via Unicef. Denne innsamlinga er også i tråd med Hans Roslings ønske.
– For Hans var det viktig å hugse på dei som hadde det aller vanskelegast, seier Agneta Rosling i meldinga.
Så langt er det samla inn over 1, 6 millionar koner til organisasjonen sitt arbeid for barn. Her finn du sida til Hans Roslings minne.
Her er nokre av føredraga Hans Rosling har halde: