– Å ikkje vaksinere er eit val foreldre tek på vegne av barna sine. Men dersom foreldra ikkje sikrar barna sine interesser, kan ein hevde at det er staten sitt ansvar å gjere dette, seier Espen Gamlund.

– Foreldre som ikkje vaksinerer er uvitande

– Alle foreldre vil det beste for barna sine. Dei foreldra som ikkje vil at barna skal ha vaksiner, er like opptatte av barna sitt beste som foreldre som lar sine barn vere med i vaksinasjonsprogrammet.

– Spørsmålet er om ikkje førstnemnde rett og slett tek feil, seier Espen Gamlund, førsteamanuensis ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium. 

Torsdag skal han halde eit innlegg på Institutt for filosofi og førstesemesterstudier. Her konkluderer han med at foreldre ikkje har rett til å nekte vaksinasjon av ungane sine.

– Kan du utdjupe?
– I utgangspunktet har foreldre rett til å ta viktige val på vegne av ungane sine. Dei kan bestemme mykje. Men denne retten må vektast mot plikta til å handle i tråd med det som er det beste for barnet, seier Espen Gamlund.

– Som å snyte på skatten
Han viser til at det ikkje er tvil om at deltaking i vaksinasjonsprogrammet er til det beste for alle barn: Ditt eige, dei i nabolaget, dei i barnehagen, samt dei som av helsemessige årsaker ikkje kan ta vaksiner.

– Flokkimmunitet kjem alle til gode, seier Espen Gamlund.

Dersom fleirtalet i ein populasjon er vaksinerte, fører dette til at smitte blir lite utbreidd. Dermed slepp kanskje dei som ikkje toler vaksiner å få sjukdommar dei ikkje kan bli vaksinerte mot.

– Droppar ein å ta del i vaksinasjonsprogrammet, vitnar dette om ein friryttartankegang som er moralsk problematisk. Det minner om å snyte på skatten, seier Espen Gamlund.

Nesodden skil seg ut
I Norge er  vaksinasjon eit frivillig tilbod. Tal frå Norgeshelsa viser at deltaking i det offentlege vaksinasjonsprogrammet jamnt over er stor, med geografiske variasjonar. Nokre vel også bort enkelte vaksiner, men takkar ja til andre. Nesodden kommune har det lågaste talet. Her får berre omlag 85 prosent av barna MMR-vaksina, viser tal frå Folkehelseinstituttet.

– Mange vaksinemotstandarar hevdar at vi ikkje veit nok om dei potensielle skadeverknadane av vaksiner. Kan ein ikkje få høve til å beskytte ungane sine mot det ein ikkje veit nok om konsekvensane av?

– I USA er det spesielt høgt utdanna menneske som unnlét å vaksinere ungane. Dei gjer det med utgangspunkt i at dei veit betre enn vitskapen. Men barnevaksinene som barna får gjennom barnevaksinasjonsprogrammet bærer svært liten risiko. Det er godt dokumentert. Dei gir eit vern mot smittsame og farlege sjukdommar, seier Espen Gamlund.

– Dei gjer det med utgangspunkt i at dei veit betre enn vitskapen.

Ønskjer mindre valfridom
I dette innlegget tek ikkje Espen Gamlund stilling til om vaksinasjon skal verte påbode. Men han hadde gjerne sett strengare reglar for vaksinasjon, og at det var mindre opp til foreldra sitt frie val.

– Ein kan diskutere om vaksinasjon er noko ein skal kunne nekte ut frå samvitsgrunnar eller religiøse omsyn. Det er trass alt ei nål som skal stikkast inn barnet. Spørsmålet er om slike omsyn skal få vekt sett opp mot omsynet til fellesskapet, seier han.

«Vi har meslinger av en grunn»
I mars 2015 gjekk Folkehelseinstiuttet ut med ei oppmoding om at alle burde sjekke at dei hadde oppdaterte vaksiner mot meslingar, ein sjukdom som var på frammarsj. Skodespelar Sølje Bergman forklarte til TV2 at ho ikkje ønska å følgje FHI sitt råd om meslingvaksine. Ho argumenterte mellom anna med at «Vi har sykdommer, som meslinger, av en grunn, og det er fordi barna skal gjennom det.»  Dette var opptakta til ein hard debatt som utspelte seg i ei rekke medier.

– Vaksinedebatten blir raskt veldig unyansert, med krasse karakteristikkar av meiningsmotstandarane.  Kva er det med tematikken som får folk til å gå frå konsepta?
– Eg trur at det dreier seg om at foreldre meiner at dei er dei mest kompetente til å ta val på vegne av ungane. Ein ser for seg at dersom staten skal legge avgrensingar på folk sin fridom, er det automatisk problematisk.

Han minner om at barn vanskeleg sjølve kan velje om dei vil vaksinerast eller ikkje.

– Barn er ikkje samtykkekompetente. Å ikkje vaksinere er eit val foreldre tek på vegne av barna sine. Men dersom foreldra ikkje sikrar barna sine interesser, kan ein hevde at det er staten sitt ansvar å gjere dette.

– Foreldre meiner at dei er dei mest kompetente til å ta val på vegne av ungane.

Kva har fått deg til å engasjere deg i emnet?
– Om foreldre har rett til å nekte vaksinasjon er eit interessant moralfilosofisk spørsmål. Det starta med at vi diskuterte temaet på Verdibørsen på NRK P2 i februar. Deretter blei eg invitert til ein debatt på Litteraturhuset. Eg har også skrive eit blogginnlegg om emnet, samt halde et foredrag på ein konferanse i Manchester. Familieverdiar og kva rettar og plikter som gjeld i relasjonane mellom foreldre og barn er eit tema som eg finn interessant, seier Espen Gamlund.

– Droppar ein å ta del i vaksinasjonsprogrammet, vitnar dette om ein friryttartankegang som er moralsk problematisk, seier Espen Gamlund. Foto: Ida Bergstrøm

Espen Gamlund:

  • Førsteamanuensis ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudier
  • Medverkar til bloggen http://politiskfilosofi.no
  • Vinnar av årets Formidlingspris ved HF-fakultetet

Vaksinasjonsprogrammet i Norge

  • Vaksinane som vert brukt i barnevaksinasjonsprogrammet gir frå om lag 85 til 100 prosent vern mot dei aktuelle sjukdommane.
  • Skal ein ha ein sjukdom under kontroll, må om lag 80-95 prosent vere vaksinert, avhengig av kor smittsam sjukdommen er.
  • Blir vaksinasjonsgraden for lav, mister ein flokkimmunitet, og sjukdommen kan bre om seg.
  • I Norge blei BCG-vaksine mot tuberkulose innført i 1947. Fram til 1955 var den påbode.
  • I dag blir barn vaksinert mot difteri, stivkrampe, kikhoste, polio, meslingar, raude hundar, kusma, Hib, pneumokokk, rotavirus og HPV (jenter).
  • Tidlegare blei kvikksølvbindinga thiomersal brukt i vaksiner for å konservere og hindre bakterievekst. Etter 1997 har det ikkje vore kvikksølvbindingar i norske vaksiner.
  • Unntaket er vaksina  mot svineinfluensaen H1N1. Her var det 0,0005 vektprosent kvikksølv per vaksinedose.
Powered by Labrador CMS