Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ni UiB-tilsette skal sitja i kommunestyre og bystyre dei neste fire åra. Men finst det ein byråd eller ein ordførar blant dei?
– Akkurat no er me i ein fase der me ikkje veit kva utfallet vert, seier Erlend Horn.
Venstre sin førstekandidat kom sjølvsagt inn i bystyret i Bergen. Men om det vert byrådsmakt, og kanskje til og med ein byrådspost, er framleis ikkje avklart. Arbeiderpartiet vart valvinnar i Bergen, og er ifølgje Bergens Tidende i gang med samtalar med andre parti – mellom anna Venstre.
Horn er tilsett som førstekonsulent ved UiB, og var fram til august rektor sin rådgivar. Men det kunne han ikkje vera samstundes som han dreiv valkamp, sa rektor.
Skal ikkje vera rådgivar att
– Kva skjer no?
– Utgangspunktet er at det ikkje er grunnlag for eit borgarleg byråd i Bergen. Det er det Venstre har føretrekt. Når ein ikkje får til det, meiner eg at det beste for byen er at Arbeiderpartiet styrer saman med Venstre og KrF. Det har eg òg signalisert, seier Horn.
Stillinga som rektor sin rådgivar skal han uansett ikkje tilbake til.
– No er det Maria Dyrhol Sandvik som er det. Uansett kva som skjer politisk kjem eg til å verta Venstre sin gruppeleiar. At eg samstundes ikkje skal vera rektor sin rådgivar har eg avklart med han, seier Horn.
Hopp for Tvinnereim
På Høyden fann 30 UiB-tilsette på vallister før måndagens kommuneval. Ni av kandidatane er komne inn til fast plass. Sondre Båtstrand skal representera Miljøpartiet De Grønne i fire år. MDG er òg eitt av partia Arbeiderpartiet er interesserte i å få med på laget. Rødt får inn to kandidatar i Bergen, ein av dei er Sofie Marhaug. I Bergen kjem òg Per Arne Larsen inn for Venstre, og Uni-tilsette Endre Tvinnereim, som tidlegare representerte Byluftlisten, gjorde eit kjempebyks oppover lista og er komen inn som ein av Arbeiderpartiet sine faste representantar.
Kerim Hestnes Nisancioglu har òg representert Byluftlisten. Han stod på sjetteplass på SV si liste, og partiet fekk inn fem i bystyret. Men då personstemmene var talde opp, viste dei at Nisancioglu er inne.
– Eg er veldig nøgd, SV kunne ikkje forventa noko betre. Målet vårt var ein oppslutnad på sju prosent i Bergen, og det klarte me, seier professoren i geovitskap.
Heiltidspolitikar vert han ikkje. Men ein plass i komité for miljø- og byutvikling kan han godt tenkja seg.
– Uansett om me vert innanfor eller utanfor byrådet kjem me til å ha ein finger med i spelet, seier han.
19,2 prosent for Fluge
Synnøve Fluge stod på sjuande plass på SV si liste i Bergen. Ho er òg universitetsstyremedlem. Som venta fekk ho ikkje fast plass i bystyret, men det er slett ikkje umogleg at ho får plass i ein komité. Då På Høyden snakka med Fluge før valet, sa ho at ho hadde tenkt nøye gjennom om ho kunne vera både styremedlem og politikar. Tilbakemeldinga frå rektor Dag Rune Olsen var tydeleg: Han ønskjer seg engasjerte tilsette.
– Eg føler at det er stor takhøgde på UiB, og at UiB som organsiasjon seier at det er heilt greitt å engasjera seg i lokalpolitikken. Men dersom eg hadde vorte byråd, hadde situasjonen sjølvsagt vorte ein annan, seier Fluge.
Ho bur på Møhlenpris, ein valkrins der SV fekk 19,2 prosent av røystene.
– Du har gjort ein god valkamp på heimebane?
– Det er grådig gøy! Men Møhlenpris har alltid vore ein sterk valkrins for SV. Eg synest det er ein god, raud vind i sentrum, seier Fluge.
Tre på øyane
Òg i øykommunane i vest er det UiB-tilsette som er folkevalde. I Øygarden kom Ingrid Marie Toft inn i kommunestyret for Høgre. Det er Tverrpolitisk valliste for Øygarden (TVØ) som vart valvinnar, og som skal styra saman med KrF og Frp. Det skriv Vestnytt.
Anne Hestnes kom inn for Arbeiderpartiet i Fjell kommune. Arbeiderpartiet gjorde eit godt val i denne kommunen òg, og skal styra saman med Høgre.
På Askøy kom Venstre sin listetopp Arild Raftevoll inn i kommunestyret. Men om han får ein annan posisjon i tillegg, er førebels uklårt. Arbeiderpartiet vart største parti, og har fleire ulike moglegheiter til å få fleirtal. Å samarbeida med Venstre er eitt av alternativa, skriv Askøyværingen.
– Vert du varaordførar, Raftevoll?
– Det veit eg ikkje endå. Det er Askøylista som har jokeren (den ferske bygdelista fekk inn tre representantar, journ.anm), og me veit nok ikkje meir før måndag, seier overingeniøren.
Han legg ikkje skjul på at han ønskjer seg ein mest mogleg sentrumsnær konstellasjon, og seier at dersom Venstre kjem i posisjon kan det vera interessant med eit verv, anten som varaordførar eller utvalsleiar. Men samstundes ser han at det kan det verta krevjande å kombinera med stillinga hos UiB.
– Personleg har eg ambisjon om å sitja i formannskapet, og så kan ein annan frå partiet få verv i utval, seier Raftevoll.
Studentar inn
Fleire UiB-studentar har òg kome inn i bystyret i Bergen. Me har sikkert ikkje fått med oss alle, og kanskje finst det UiB-studentar i andre kommunestyre òg, så tips gjerne på tips@pahoyden.no.
Her er dei som kom inn i Bergen:
Ingrid Fjellberg, Miljøpartiet de grønne
Linn Kristin Rasmussen Engø, Arbeiderpartiet
Ronja Løseth Breisnes, Arbeiderpartiet
Hannah S. Atic, Høgre
Anine Frølich, Høgre
Hilde Maria Boberg Andresen, SV