Val med åtte vinnarar

Publisert

LEIAR: Universitetsdemokrati kan virke som ein gammal og veltufta tradisjon, med røter i opplysningstida og humboldtske idear. Men sjølv om tradisjonen er gammal er universitetsdemokratiet slik vi kjenner det i dag ungt.

Først ved universitetslova av 1955 fekk studentane og dei ikkje-vitskaplege tilsette kvar sin representant i Collegium Academicum. Inntil i dette tusenår hadde dei vitskapleg tilsette fleirtal i dei høgste organa ved universiteta.

I Noreg kan universitet og høgskolar velje om dei vil ha vald eller tilsett rektor. Mange har gjort som UiB, og arrangerer rektorval kvart fjerde år. Men formelle val er ikkje nok til å gi demokrati. Utan eit fungerande universitetsdemokrati i det daglege, med innsyn i og diskusjon kring avgjerder, er vi langt unna eit utvikla demokrati.

Ved mange institusjonar er det liten konkurranse om valde verv, og framleis er det mange som trur at berre professorar kan stille som kandidatar. NHH hadde for andre gong i historia to kandidatar i rektorvalet i år, og ved Universitetet i Oslo hadde det sitjande rektoratet gått vidare utan motkandidatar, om ikkje ein student hadde tatt hansken opp og stilt som outsiderkandidat. Valoppslutningen ved UiO seier sitt om kor reelt valet blei oppfatta: Under halvparten av dei tilsette brukte røystene sine.

Ved UiB har vi eit velfungerande universitetsdemokrati. Men vi har likevel våre utfordringar, om vi samanliknar oss med andre delar av samfunnet. Organisasjonen er i mindre grad enn til dømes kommunane vand med innsyn, og som journalistar opplever vi jamleg ikkje å få tilgang til dokument, eller å få delta i møte.

UiB er i mindre grad ein institusjon enn ei samling av menneske med eit engasjement for å finne ut meir om verda rundt dei, enten dei er studentar eller tilsette. Saman har desse vald Dag Rune Olsen og hans lag til å styre ved UiB dei neste fire åra. På Høyden gratulerer alle fire, og ser fram til ein spennande periode med eit universitet som er ope mot samfunnet kring seg.

Men På Høyden vil òg gratulere alle deltakarane på Team Atakan, som òg gjorde ein svært god innsats i eit jamt val. At kandidatane var einige i mange av dei store linjene kan ein like godt tolke som eit teikn på at UiB er samla som organisasjon, sjølv om det gir mindre høve til å spisse sakene i pressa.

I rektorvalet ved UiB var det ikkje éin, men åtte vinnarar.

Powered by Labrador CMS