Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Studentane får altfor lite informasjon om rektorvalet og må dermed velje på sviktande grunnlag.
Det meiner nyhenderedaktør i Studvest, Heidi Torkildson Ryste. Ho fryktar at valadministrasjonen ved UiB tar for lett på informasjonsoppgåva overfor studentane. Valet på ny rektor starta 6. april og varer fram til den 14. Torkildson Ryste meiner det har vore nok av presentasjonsrunder og debattar, men at studentane ikkje veit om dette. Leiar for det sentrale valstyret, Gunnar Grendstad, beklagar rotet i samband med denne e-posten, men avviser kontant at det ligg ein agenda bak. Formann i Studentersamfunnet ved UiB, Eirik Lokke, synest informasjonen rundt valet har vore relativt god, men han meiner som Studvest-redaktøren at det er vanskeleg å skilje kandidatane. Derfor er det også vanskeleg å mobilisere veljarane.
– Eg trur det blir litt for lett å berre godta ei sanning om at studentane ikkje er så veldig engasjerte, seier Torkildson Ryste til På Høyden.
I ein kommentar i Studvest denne veka skriv nyhenderedaktøren at ”mange studenter tar sitt valg på grunnlag av en minimal mengde informasjon” og at det har blitt ein valkamp ”amputert av manglende informasjon”. Ho karakteriserer elles valkampen som ”slapp” og prega av at kandidatane ”er mer opptatt av å ikke støte hverandre enn å få frem forskjellene”.
“Dårlig jobb”
– Ein e-post med oversikt over arrangementa burde ein fått til. Så kunne studentane i det minste ta stilling til om dei vil møte opp eller ikkje.
Torkildson Ryste viser til at det einaste arrangementet som har blitt annonsert gjennom e-post til studentane var presentasjonen på Jussbygget 5. april. Beskjeden kom dagen før, men utan dato for arrangementet. Dagen etter kom det melding om at presentasjonen var same dag.
”En kan spekulere i om valgstyret har vikarierende motiver for å gjøre en så dårlig jobb. Er valgstyret redde for at studentene faktisk skal engasjere seg og påvirke valget?”, spør Torkildson Ryste.
- Følgjer rutinene
– Mitt inntrykk er at vi har følgt dei rutinane som ligg til grunn for det arbeidet vi skal gjere. Det verkar ikkje på meg som mangel på informasjon er eit problem, seier Grendstad.
Han legg til at det ikkje er valstyret si oppgåve å drive valkamp.
– Kandidatane sjølve, apparatet rundt og media må syte for temperaturen. Vårt ansvar som valstyre er å avvikle valet.
11 kom til debatt
Sjølv stod han i spissen for ein debatt mellom rektorkandidatane i regi av Studentersamfunnet. 11 betalande kom for å høyre på.
– Dei fleste studentane trur eg har inntrykk av at det ikkje betyr så veldig mykje for dei kven som vinn valet, seier Lokke som prøver igjen torsdag 7. april med ny debatt på Kvarteret (kl. 21.00) i samarbeid med Bergen student-TV.
Ved prorektorvalet i 2001 stemte berre to prosent av studentane. Ei større deltaking i år kan bli utslagsgivande for valresultatet. Studentane fekk auka si vekting av stemmer i 2001 frå 23 til 25 prosent.
Gunnar Grendstad har tru på at valdeltakinga i år skal ta seg opp.
– Ved tidlegare val har det vore eit problem med få kandidatar å velje mellom. I år har vi i alle fall tre dyktige kandidatar, og eg håpar og trur valdeltakinga blir langt betre i år, seier han.