Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Den elektroniske stemmeurna er no stengt, og i løpet av kort tid får nokre få vite om Kuvvet Atakan eller Dag Rune Olsen skal vere rektor for UiB dei neste fire åra.
Informasjonen om valresultatet blir sendt frå Usit ved Universitetet i Oslo, og blir opna ved hjelp av koder. Valstyret, som blir leia av professor Steinar Vagstad, møtest klokka 1400, og skriv ein valprotokoll. Etter paragraf 15 i valreglementet til UiB skal resultata deretter kunngjerast straks: “Melding om resultatet av rektor- og prorektorvalg og av valg til universitetsstyret, sendes til universitetsstyret og kunngjøres straks.” Deretter vil dei informere rektor og dei to rektorkandidatane, før resultatet blir offentleggjord for veljarane. Dette vil skje når valstyret sitt møte er over, men det er uvisst kor lang tid det vil ta. Men truleg er valresultatet kjent ei stund før den planlagde valvaken på Kvarteret klokka 1600. Men det blir likevel valvake for både studentar, tilsette og andre på Kvarteret i ettermiddag. Valvaken er både for rektorval, studentparlamentsval og val av studentrepresentantar til universitetsstyret, sjølv om nokre av resultata vere kjende. Den kommande rektoren på UiB vil dessutan vere å sjå på Vestlandsrevyen på NRK.