Valt inn i den internasjonale biokjemi- og molekylærunionen

Publisert

Professor Knut-Jan Andersen frå Institutt for indremedisin, UiB, sit no i eksekutivkomiteen for International Union of Biochemistry and Molecular Biology (IUBMB). Der skal han ha ansvaret for kongressar, konferansar og seminar.

Det er første gong på ei god stund at ein skandinav er medlem i styret i organisasjonen som har fleire hundre tusen medlemmer frå heile verda. Medlemmene kjem frå nærare 70 land.

- Min jobb blir å kommunisere med dei som skal arrangere desse konferansane. Eg skal gje råd både når det gjeld fagleg innhald og sjå til at desse store arrangementa heldt mål på alle måtar, seier Andersen.

Satsar på tredje verda

Dei neste arrangementa for biokjemikarar og molekylærbiologar blir i Boston, Bangkok, Budapest og Kyoto. Men nokre av desse blir mindre spesialiserte konferansar og nokre store kongressar med tusenvis av deltakarar.

- Ei stor utfordring blir å jobbe mot den tredje verda. Vi ønsker å bidra til å vere med bidra til fokus på forsking i desse landa. Dei store kongressane ønsker vi derfor å få lagt til land som er under utvikling, medan vi legg dei mindre konferansar med meir spesialiserte emne til vestlege land, her vil til dømes Boston vere eit slikt smalare arrangement.


Lang erfaring

Andersen har tilegare vore president for store kongressar, mellom anna i Bergen og Montreal. Han har vore leiar av Norsk Biokjemisk Selskap i ni år. Norske vitskapsfolk er knytt til IUBMB gjennom Det Norske Vitenskapsakademi, men det er Norsk Biokjemisk Selskap som tar seg av kontakten. Knut-Jan Andersen er glad for vervet i den internasjonale organisasjonen. Han er allereie i gong med arbeidet og set pris på alle dei internasjonale kontaktane han får gjennom dette arbeidet.

- Eg reiser rundt med ugle på jakkeslaget, berre så det er sagt, smiler Andersen.

Powered by Labrador CMS