Vandra 150 år gjennom kloakken

Publisert

Avløp og helse er to sider av same sak. Det fekk ei gruppe internasjonale historikarar erfare med ei luktfri medisinshistorisk vandring gjennom Bergen sitt avløpssystem.

– Allereie i 1855 fekk Bergen eit vassverk som leverte vatn under trykk gjennom eit røyrsystem som var bygd av støypejern. Bergen var dermed den første byen i Noreg som fekk eit så moderne vassverk. Likevel var det enno eit stort hygienisk forbetringspotensiale, seier historieforskar Morten Hammerborg ved Uni Rokkansenteret.

I solsteiken på årets første vårdag fekk Bergen verkeleg vise seg frå si beste side då Hammerborg gav ei medisinhistorisk omvising til europeiske kollegaer som var i byen for å delta på den tiande konferansen for  medisin- og helsehistorie i Bergen.

Før omvisinga ved St. Jørgenshospitalet og Lepramuseet,  starta Hammerborg med å fortelje dei besøkande om den lange og krunglete vegen til eit moderne avløpsystem i byen.

Artikkelen held fram under biletet.

Tyfoidfeber og Kolera
At vassverk og folkehelse er tett knytt saman fekk bergensarane ei grundig påminning om under giardiaepidemien i 2004. Ikkje overraskande finn vi også slike linkar i den tidlegare bergenske vasshistoria også. Til dømes fortel Hammerborg om ei dårleg planlagt gjødselløysing på 1930-talet som gjorde til at vatnet vart forderva, noko som i sin tur utløyste påstandar om at det heile forårsaka ein tyfoidfeberepidemi.

Truleg var også behovet for hindre smittefare ein viktig  pådrivar for å etablere vassverket i byen då bygginga byrja på 1850-talet, ifølgje Hammerborg.

­– I 1848 hadde Bergen vore råma av ein koleraepidemi, og sjølv om det ikkje var ei allmenn akseptert oppfatning av kva som forårsaka sjukdommen meinte ein at kolera hadde samanheng med fattigdom, skit og uorden, forklarar han. 

Dumpa i sentrum
Lille Lungegårdsvann var dumpeplassen for femten avløpsrøyr frå heile byen. Forståeleg nok var derfor stanken i hjartet av byen uuthaldeleg. Krava om renovasjon var mange og høglydte, men då dei fann ut at det låg fjorten meter med avfallsrestar på botnen breidde maktesløysa om seg.

– Rundt 1900 bestemte ein seg faktisk for en tette vatnet igjen, men pengemangel sette ein stopper for planen, seier Hammerborg,

Artikkelen held fram under biletet.
Historikar Morten Hammerborg ved UNI Rokkansenteret var guide for deltakarar på den tiande konferansen for  medisin- og helsehistorie i Bergen rett før påske. Han er også ein av forfattarane bak boka ”Byens skjulte årer” frå 2005. Boka fortel vass- og avløpshistoria til Bergen gjennom 150 år. (Foto: Ingvild Nilssen)

Vedvarande eim
Diverre var det ikkje berre avmaktskjensla som stagga progresjonen. Vegen til eit fullenda moderne avløpsvassverk fekk nemlig mange uførutsette avbrot av storpolitisk art så vel som av dei kraftige konjunktursvingingane i den norske økonomien på denne tida. Eimen i sentrumsområdet skulle derfor få vedvare godt inn i det tjuande århundre.

– Arbeidet fekk ny fart då pengeoverskotet under den første verdskrig gav romslegare kommunebudsjett. Inspirert av studiereiser til USA og kontinentet anla ein no store avskjerande kloakkar, såkalla kanalisering, seier Hammerborg

Pumpe i potetkjellar
For dei delane av sentrum som ligg lågast var det ikkje nok med kanalisering, ein måtte også ha ei pumpe for å bringe det skitne vatnet til fjordbassenget. I 1922 blei pumpa som skulle heve avløpsvatnet frå Lille Lungegårdsvann levert.

Ho skulle drive avløpet til ein større kloakk i Håkonsgata, og derifrå vidare gjennom ein tunnell under Dragefjellet og ut i Puddefjorden. Men pumpa vart ikkje installert med det første, i staden fekk ho no tilhald i ein potetkjellar på Årstad.

Landsutstilling
Denne gongen var det den økonomiske krisetida som kom i vegen for oppreinskinga, for kommunen hadde ikkje råd til å bygge pumpestasjonsbygning. Seks år seinare var den illeluktande dammen framleis ein pinleg attributt i bybiletet, men då opninga av Landsutstillinga byen skulle vere vertskap for i mai 1928 nærma seg vart raske råd dyre.

– No vart det jobba både dag og natt. Pumpestasjonen i Christiesgate vart ferdig på rekordtid, berre dagar før Landsutstillinga opna, seier Hammerborg.

Ein skulle kanskje tru at hasteverkeret gav eit dårleg resultat, men det var helt fram til 2011 dei same pumpene som tok seg av kloakkvatnet i denne delen av Bergen sentrum, seier han.

– Pumpene som forbipasserande kan sjå i krysset Christiesgate-Lars Hilles gate er etterkommarane etter desse, men systemet ein anla i åra etter 1916 er framleis det som syt for et luktfritt og rent Bergen sentrum, fortel Morten Hammerborg.

Powered by Labrador CMS