Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Psykologisk fakultet har sin eigen vri på Grand Prix-sirkuset. Denne veka gjekk Vivian Woodfin av med sigeren med ei forelesing om medkjensle – med seg sjølv.
Fakultetet har tradisjon for å arrangere ein undervisningsdag for alle tilsette for å vise fram kva kapasitetar dei har å by på.
I år fekk nokon ideen til eit «undervisnings-Grand Prix».
Ein jury vart tromma saman, kvart institutt fekk stille med ein kandidat og ein studentkandidat, som fekk ti minutt på seg til å presentere eit emne. Deretter fekk juryen, og til slutt publikum røyste fram vinnaren
Og det vart Vivian Woodfin, stipendiat ved Institutt for klinisk psykologi.
– Kort fortalt gjekk presentasjonen ut på å knytte sjølvmedkjensle til nokre kjente tabbar i psykologiens historie, for å alminneleggjere det å gjere feil og vise korleis sjølvmedkjensle kan bidra til at vi betre handterer og lærer av tabbar og feil, fortel Woodfin.