Vann NM i programmering

Publisert

Etter fem timar og 12 problemstillingar stod laget Unified in Blood att som Noregs beste programmerarar.

Ein som er god i matematikk, ein som er god i algoritmar og ein som er ein god programmerar. Det er ifølgje vinnarlaget sjølv oppskrifta på korleis ein vinn NM i programmering.

Førre helg vann masterstudentane Marco Poletti, Tobias Sørensen Urhaug og Simen Lilleeng NM for programmerarar. Om vel ein månad skal dei til den nordvesteuropeiske finalen i Nederland.

Liste over skumle filmar
– Ein får mellom åtte og tolv problemstillingar. Nokre er veldig vanskelege, andre skal ein grunnfagsstudent klara, forklarar Markus Sortland Dregi.

Han er doktorgradsstipendiat i informatikk og den som trenar studentane i å vera med i denne typen konkurransar. Kvar måndag er det fire timar trening på Høgteknologisenteret.

– Problemstillingane har varierande praktisk relevans. I år var til dømes ei av oppgåvene å laga ei liste over ei rekkje filmar sett i forhold til kor skumle dei er. Med i oppgåva var ei oppskrift på korleis ein kan rekna ut kor skumle filmane er, seier Sortland Dregi.

Han seier at ved NTNU er det ein annan tradisjon for å vera med i slike konkurransar og å trena på denne typen oppgåver enn ved UiB. Dei stilte med 67 lag i år – UiB stilte med seks.

– Eg ønskjer å visa at programmering er gøy. Oppgåvene ein får i NM liknar meir problemstillingar, og ein får òg så og så store datasett ein skal kunne handtera. Etterkvart er det ein del verksemder som brukar oppgåver av denne typen i samanheng med jobbintervju, seier Sortland Dregi.

Han seier at NM gir oversikt over heile prosessen frå problem til program.

 – For min del ser eg at slike øvingar som dette hjelper meg å forstå den teoretiske delen betre, seier Sørensen Urhaug.

Han studerer matematikk.

Simen Lilleeng, Marco Poletti og Tobias Sørensen Urhaug var Noregs beste lag då informatikkstudentar samla seg i Oslo førre helg. Med i konkurransen var òg lag frå dei andre skandinaviske landa. Foto: Hilde Kristin Strand

Ein programmerar, to matematikarar
Under NM får kvart lag tildelt kvar sin PC. Vinnarlaget organiserte seg slik at Poletti programmerte, medan Sørensen Urhaug og Lilleeng rekna.

– Eg trur det var mest stress for Marco, som sat og programmerte heile tida, seier Sørensen Uthaug, og får eit stadfestande nikk til svar.

Reglane i konkurransen er både enkle og vanskelege. Hovudpoenget er å løysa fleire oppgåver enn dei andre. Men ein kan verta trekt i poeng dersom ein leverer inn noko som er feil, og det er òg om å gjera å verta ferdig så raskt som mogleg.

– Ein får heile oppgåvesettet. Dersom det er oppgåver ein ser at ein ikkje kjem til å klara, må ein berre legga dei vekk med ein gong, seier Sørensen Urhaug.

Sjølve oppgåvene tek det varierande tid å løysa.

– Det var eit lag som løyste den første oppgåva på tre minutt, seier Lilleeng.

– Algoritmane er problemet
Pål Grønås Drange var med på laget som for nokre år sidan vart nummer 16 i den nordeuropeiske finalen. I år var han med på å arrangera NM.

– Det er ikkje programmeringa som er verst, men algoritmane bak, seier Grønås Drange.

Ein algoritme er ei presis skildring av ein serie operasjonar som skal verta utført for å løysa eit problem eller eit sett med problem. Dersom ein prosess er algoritmisk kan han skrivast som ein serie operasjonar som kan verta utført gjennom utrekningar.

– Ein lærer å koda rett kode fort. Skilnaden på ein dårleg og ein god kodar er at dersom koden er god, kan ein annan gå inn og forstå kva som er tenkt, og òg retta koden, seier Grønås Drange.

Powered by Labrador CMS