Variert fagleg-pedagogisk dag

Publisert

Ein dag i året må studentane finne seg i å avstå auditorium og kantiner til dei gamle gymnaslærarane sine. 7. februar blei fagleg-pedagogisk dag arrangert for 12. gong.

– År etter år dreg vi til Bergen for å vere med på denne dagen, seier Anne Gro Rørvik, lærar ved Randaberg vidaregåande skule.

– I år var vi 14 stykke som fekk reise. Dagen har eit veldig godt rykte på seg.

Ho er på veg ut frå Aud. 2 på Realfagbygget, der ho har høyrt ei forelesing med tittelen: «Den genomiske revolusjon: Sekvensieringen av det humane genom».

– Vi fekk høyre om korleis dei har kartlagt det humane genomet. Eg underviser i naturfag i første klasse, og eg tenkte at her ville eg sikkert få vite det siste nye innanfor dette området. Vi fekk mellom anna eit par nettadresser, og dei tipsa vi har fått her, kan bli veldig nyttige i undervisinga, spesielt for elevar i prosjekt, trur ho.

Ungar og bilbaner

I vrimlearealet i under- og førsteetasjen på Realfagbygget er det læremiddelutstilling, der ein kan sjå på det siste nye i både lærebøker og teknisk undervisingsmateriell.

– Dette er kanskje den einaste mogleheiten fysikklærarar i nærområdet har til å sjå på nytt utstyr, seier Glenn Ghose, dagleg leiar i Komet Naturfag.

Firmaet har ein stand med utstyr til bruk i mekanikkundervising.

– Denne måler momentanfart, seier Arild Dahlin, som er lærar og hjelper til på standen som konsulent.

Han syner fram ei bilbane med loop. I loopen sit ein sensor som måler farten på bilen akkurat i toppunktet. Dei fortel at det har vore bra besøk gjennom heile dagen. Nokre har også nytta høvet til å med ungane for å leike med bilbaner, luftputeinnretningar og kolliderande vogner på skinner.

Også nokre av institutta nyttar høvet til å presentere seg sjølv og sine faglege tilbod på læremiddelutstillinga.

– På Kjemisk institutt har vi eit tilbod om elevøvingar til elevar i første klasse på vidaregåande, fortel avdelingsingeniør Inger Johanne Fjellanger.

– Målet er å få elevane til å velje kjemi i andre og tredje klasse. Men ikkje alle lærarar kjenner tilbodet. Difor brukar vi denne dagen til å prøve å kome i kontakt med lærarane.

Ho seier tilbodet er blitt teke godt imot.

– Lærarane tykkjer det er positivt at elevane kan få sjå eit «ekte» laboratorium.


Populær Ellington

Midt på dagen har Griegakademiet invitert til konsertforedrag i Gunnar Sævigs sal, om Duke Ellingtons tidlege musikk. Å dømme etter talet på frammøtte, er det mange som nytta høvet til å leggje inn eit kulturelt innslag på dagens timeplan. Salen er så full at folk må sitte i trappa og på golvet, og publikumstalet bryt sikkert kvar einaste paragraf i brannforskriftene. I gangen utanfor står det enno fleire som ikkje kjem inn, men som likevel vil høyre.

– Dagens program tek for seg musikk frå Duke Ellington sin tidlege periode, også kalla «Cotton Club»-perioden, fortel saksofonist og foredragshaldar, universitetslektor Steinar Sætre.

– Det Ellington dreiv på med, var nytt og høyrtes rart ut for mange. Måten han brukte mutar på, og klangen i instrumenta, og til dels rytmene hans, var spesielt. Det er sagt at i byrjinga brukte det lokale «jazz-politiet» å stå bakerst i salen og le når Ellington og musikarane hans spelte. Men etter kvart blei dei jo vande med det.

I denne perioden skapte Ellington og hans afro-amerikanske musikarar sin «jungle sound», som fascinerte det kvite publikummet på Cotton Club, og som fascinerer dei frammøtte i Gunnar Sævigs sal. Også musikarane ser ut til å kose seg.

– No skal vi spele «Echos of the jungle». Den er eigentleg alt for ny til å bli spelt i denne samanhengen, men vi gjer det likevel, sidan han har «jungle» i tittelen, smiler Sætre, og slår opptakta.

Powered by Labrador CMS