Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Utvikling av felles høgre utdanning i Europa står på dagsorden når Utdannings-og forskningsdepartementet arrangerer seminar om Bologna-prosessen i Bergen.
Bologna-prosessen er utviklinga fram mot eit europeisk område for høgre utdanning, nedfelt i den såkalla Bologna-deklarasjonen som vart utforma av utdanningsministrar og universitetsleiarar frå heile Europa i 1999. Kvalitetsreforma er det mest synlege norske svaret på Bologna-deklarasjonen. – I Noreg ligg vi veldig godt an, seier seniorrådgjevar ved Utdanningsavdelinga og Bologna-koordinator ved UiB, Etelka T. Dahl.
Måndag 27. september går eit nasjonalt informasjonsseminar av stabelen i Bergen, der ein skal klargjere Noreg si rolle i prosessen fram mot neste ministermøte som finn stad i Bergen i mai 2005.
– Vi har eit behov for å informere om kva Bologna-prosessen inneber for Noreg, spesielt i samband med kvalitetsreforma. Samstundes vonar vi å få innspel til prosessen frå dei det vedkjem, som studentar og universitets- og høgskuletilsette som arbeider med kvalitetsutvikling eller med internasjonalt arbeid. Noreg har jo ei viss påverkingskraft i Bologna-prosessen, seier rådgjevar i Bolognasekretariatet, Bjørn Stensby.
Per i dag er 40 land med i Bologna-prosessen. Arbeidet er delt inn i ti satsingsområde, mellom anna innføring av eit samanliknbart gradssystem, betre vilkår for mobilitet, arbeid for livslang læring og eit europeisk samarbeid om kvalitetssikring. Noreg har ei sentral rolle, mellom anna ved å vere nestleiar i Bologna Follow-up Group, som leier arbeidet mellom ministermøta. Det er også oppretta eit eige sekretariat for prosessen, som er lagt til Noreg og UFD.
Noreg ligg godt an
– Hos oss starta eigentleg utviklinga med Mjøs-utvalet si innstilling i 1998, allereie før vi underskreiv Bologna-erklæringa i 1999. No har vi innført kvalitetsreforma, men sjølvsagt er det framleis ein del ting vi må jobbe med.
Arbeidet med kvalitetssikring er ein sentral del av Bolognaprosessen. Ved UiB har dette arbeidet så langt munna ut i ei handbok for kvalitetssikring av universitetsstudia, som er i bruk frå og med i år. Handboka skal syte for ein klar systematikk i arbeidet med kvalitetssikringstiltak.
– UiB har også teke fatt i arbeidet med å styrke lærarutdanninga. Dessutan er Noreg flink til å godkjenne utdanning frå andre land, og til å gje såkalla Diploma Supplements – eit vitnemålstillegg på engelsk som forklarer graden kandidaten har fått. Systemet med utdanningsplanar, og det nye karaktersystemet, blir også lagt merke til internasjonalt, seier Dahl.
Seminaret inneheld innlegg om mellom anna kvalitetsutvikling, mobilitet, nasjonale utfordringar og prosessen sett frå studentperspektiv, i tillegg til ein plenumsdebatt om problemstillingar som kjem fram i føredraga. Arrangør er UFD i samarbeid med Senter for internasjonalisering av høyere utdanning.