Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Fagmiljøa laga grundige uttalar då Utdanningsdirektoratet inviterte til høyring om nye læreplanar. Men uttalane kom aldri lengre enn til universitetsdirektøren sitt kontor.
Instituttleiarane Leiv Egil Breivik og Johan Myking har sendt brev til universitetsdirektøren etter at uttalane institutta dei leiar ikkje vart sende til utdanningsdirektoratet i tide. Foto: Hilde Kristin Strand 5. mars var fristen for å senda inn høyringsuttale til Utdanningsdirektoratet i samband med nye læreplanar i engelsk, matematikk, naturfag, norsk og samfunnsfag. 19. mars sendte UiB inn uttalen. Då var det for seint. – Den fagleg ansvarlege hos oss las oppsummeringa frå direktoratet og fann ikkje spor av det UiB hadde sendt inn. Eit søk i den elektroniske postjournalen viste at UiB sitt svar ikkje berre vart sendt inn for seint, men mykje for seint. Det seier Johan Myking, instituttleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. – Uheldig I uttalen frå LLE vert det mellom anna peika på forholdet mellom nynorsk og bokmål, og ein drøftar om kompetansemåla er gode nok og har i seg det dei etter fagmiljøet sitt syn bør. I uttalen heiter det at «dersom ein har som utgangspunkt at endringar i læreplanen skal vere meiningsberande, er endringane som førekjem, med på å snevre inn måla for norskfaget meir mot det instrumentelle og kommunikasjonsperspektiv, og fører til mindre vektlegging av danning og kulturperspektiv. Ein formulerer vidare ein ny språkpolitikk for hovudmål og sidemål, ein bryt med overordna språkpolitiske målsetnader om jamstelling mellom bokmål og nynorsk, og ein er ikkje så oppteken av å sjå dei totale fordelane ved språkleg mangfald». – No kjem ikkje våre synspunkt med. Eg synest me hadde gode og kritiske synspunkt, og kom med vektige og grundige innspel, seier Leiv Egil Breivik, som er instituttleiar ved Institutt for framandspråk. Fagmiljøet ved instituttet han leiar har kommentert dei ulike hovudområda i forslaget til ny læreplan i engelsk. I uttalen heiter det mellom anna at «setningen “Å lære engelsk kan bli en viktig del av vår personlige utvikling og bidra til utvikling av flerspråklighet” er fullstendig uforpliktende, og årsakssammenhengen mellom språklæring og personlig utvikling som til en viss grad finnes i gjeldende læreplan, er forsvunnet. Innsikt i eget morsmål som kan økes gjennom læring av engelsk, og som kan gi forståelse av hvordan språk henger sammen, bør beholdes, ellers blir setningen som siteres over, uten årsakssammenheng». SVT kom med – Eg såg i postjournalen at Senter for vitskapsteori sin uttale er komen inn før fristen. Dei har sendt inn sjølv, utan å gå via UiB sentralt, seier Myking. Han seier at hans oppfatting har vore at Museplass 1 ønskjer å koordinera når UiB skal senda inn uttale til høyringar. – Det er ikkje korrekt å tenkja slik, men ein kan jo seia at dersom ein hadde sendt inn uttalen sjølv, hadde ein kome til orde, seier Myking. I brevet til universitetsdirektøren skriv instituttleiarane at «denne saka indikerer vidare at rutinane og kompetansen for å handtere høyringssaker, er for dårlege. Det er per i dag uråd å vite om sentralleddet ved Universitetet i Bergen endrar på høyringsutkast som kjem via tenesteveg, heller ikkje korleis ein gjer endringar, og om ein i det heile sender inn høyring, dvs. om tilsvarande feil har skjedd tidlegare». Fagpolitikk og politikk – Dette er eit offentleg ordskifte, og det handlar både om fagpolitikk og politikk. I sjeldan grad er jo no våre faglege problemstillingar, mellom anna knytt til hovudmål og sidemål, aktuelle i ein valkamp, seier Myking. – Har de opplevd tidlegare at høyringsuttalar har vorte liggande? – Nei, eg har ikkje oppfatta at dette er eit stort problem. Men det er uheldig at det skjedde, seier Breivik. På Høyden har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå universitetsdirektøren.
– Me kan ikkje leva med at det våre tilsette jobbar med i veker berre vert lagt til side. Dette er beklageleg og uheldig, seier Myking.
22. februar sende Det humanistiske fakultetet sine uttalar vidare til universitetsdirektøren sitt kontor. Det samfunnsvitskapelege fakultetet gjorde det same tre dagar seinare, går det fram i eit brev som no er sendt til universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken.
Dei to instituttleiarane seier at dei synest det er viktig at fagmiljøa brukte tid og ressursar på å skriva uttalar.