Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Med bobler, fanfare og sjølvsagt snorklipping vart nye På Høyden lansert tysdag.
For å seia det med ein gong: Den gamle adressa, nyheter.uib.no, fungerer framleis. Men ein vert då oversendt til den nye, og ein smule meir moderne pahoyden.no. Nettsida vart høgtideleg lansert tysdag ettermiddag. Bente Milch, førstekonsulent ved rektor sitt kontor, fekk æra av å klippa snora. Ho representerer dei mange trufaste lesarane På Høyden har.
Nøgd redaktør
Dei om lag femti gjestene fekk både bobler og fingermat, samt sjølvsagt høve til å sjå nærare på dei nye nettsidene.
– Det var veldig hyggeleg med så stort oppmøte. Det viser at mange ved UiB er opptekne av det som står i På Høyden, seier redaktør Dag Hellesund.
Den nye nettløysinga opnar for at lesarane kan delta meir, både gjennom lesarkommentarar, men òg ved å sjølve legga inn meldingar om både jubilantar, prisvinnarar og bokmeldingar.
– Gi oss tilbakemelding
Når ein får ei heilt ny nettløysing, tek det ofte litt tid før alt er heilt slik som ein hadde tenkt – eller kanskje noko ikkje fungerer like godt for lesarane som tanken var. Dei næraste vekene kjem redaksjonen til å endra små og store ting. Dersom nokon av lesarane våre har innspel til ting som ikkje fungerer, vil me gjerne ha beskjed. Send gjerne på e-post til tips@pahoyden.no.