Vennskaplege kirsebær i ny hage

Publisert

Botanisk hage på Milde får sin eigen japanske del. 24.mai var den japanske ambassadøren i Norge, Fumiko Saiga, på Milde for å plante det første symbolske kirsebærtreet.

– Japan kan ofte forvirre. Det ser så likt ut på overflata, men jo meir ein lærer jo meir blir det klart at ein ikkje forstår. Difor trur eg at eit slikt tre og ein hage kan verke broderleg, sa rektor ved UiB, Kirsti Koch Christensen, under seremonien som markerte starten for den Japanske vennskapshagen på Milde.

Dette markerer også Japan si godkjenning av Norge som sjølvstendig stat i 1905 og er eit ledd i hundreårsfeiringa.

Folkelege kirsebær

I kjølig vind og lågthengande skyer var mange menneske samla til ei stund med innføring i japanske hagetradisjonar som vi ikkje ser så ofte her. Hagens førstefødte kirsebærtre er, i følgje primus motor for prosjektet professor Per Jørgensen, eit landsbykirsebærtre. Ikkje så veldig royalt eller keisarleg, men like fullt fekk treet eit verdig velkome til Milde.

Alle hjørna i det som førebels blir den japanske hagen vart velsigna med sake, før mellom anna ambassadør Saiga, rektor Koch Christensen og den kjende japanske hagearkitekten, Haruto Kobayshi, i fellesskap tok dei første rituelle taka med spaden.


Fint for forelska

Kobaishi har laga planen for den japanske hagen, der ein håpar å få til ein bambusskog med kirsebærtrær på høgdene langs Vågeelva.

– Eg ser det for meg for mitt indre auge korleis det blomstrar oppover langs elva, sa Per Jørgensen entusiastisk. Han fortalde at hagen skal byggast ut, mellom anna er det planar om ein eigen haug for meditasjon. Om ein ikkje driv så mykje med meditasjon kan den også nyttast til andre formål. Til dømes av forelska par, var rådet frå den japanske ambassadøren.

– Med denne hagen vil det bli eit lite stykke Japan i Norge i mange år framover, sa ambassadør Fumiko Saiga. Ho streka og under at det er eit krevjande arbeid å lage ein japansk hage, både når det gjeld arbeidsinnsats og pengar.


Mohn yter mest

Så var alle med og skåla for hagen. Dei frammøtte fekk lære å klappe til ære for hagen på japansk vis, og vi klappa for at anleggsarbeidet skulle gå trygt og forsvarleg føre seg.

– Eg håpar at japanske hagen og litt innføring i japanske tradisjonar gjer at vi blir ført nærare i hjarte og sinn, sa hagearkitekten Haruto Kobayshi.

Så kom regnet, men lukkelegvis er ikkje hagen ein klassisk japansk hage, men skal representere japanske planter på ein japansk måte tilpassa norske tilhøve.

Det bør også namnast at hagen har blitt til gjennom ein stor donasjon frå Trond Mohn på om lag seks millionar. Det japanske EXPO-fondet har skote inn ein million, medan Universitetet i Bergen har tatt ein og ein halv million frå eigne fond.

Powered by Labrador CMS