Verdsrommet klart til utforsking

Publisert

Eit fleirtal av studentane kan tenkje seg å ta delar av utdanninga si utanlands. Samstundes meiner rundt 70 prosent at dei ikkje kjenner godt nok til tilboda som finst. Det nyopna Verdsrommet går ei utfordrande tid i møte.

– No har vi jo fuska litt, vedgjekk utdanningsdirektør Mette Myrmell Torrissen på den offisielle opninga av Verdsrommet måndag 12. mai.

– «Verdsrommet» har allereie vore i bruk ei god stund. Men vi vil likevel markere opninga for å fokusere på det vi kan tilby her. For å lukkast med internasjonalisering av studiane, er det viktig å ha eit godt tilbod av delstudium i utlandet. Men det er like viktig at informasjonen når ut til studentane. Då må alle dei ansvarlege samarbeide.

Verdsrommet ligg sentralt til i Christiesgt. 20. Kontoret skal gje generell informasjon om delstudium i utlandet, det vil seie kurs på 3-12 månader som kan gå inn i ein grad frå UiB. Her kan studentar få hjelp av tilsette som sjølve er studentar, og her finst også datamaskiner for leiting på internett, og brosjyrar og informasjon om dei institusjonane UiB har samarbeidsavtalar med.

Det var rektor Kirsti Koch Christensen som sto for sjølve opninga.

– Det er viktig at vi går i takt. Dei som er internasjonalt ansvarlege ved fakulteta må halde god kontakt med Verdsrommet - som forresten er eit fantastisk fint namn! Det må ikkje vere slik at studentane får ulik informasjon alt etter kvar dei vender seg, og med den mengda nye søkjarar vi har i år, blir det ei utfordring å koordinere verksemda, sa ho.

– Vi har enno eit stykke igjen. Men universitetsleiinga har store forventingar til det som skal skje her!

Fleirtal vil reise

I den store studentundersøkinga Studentbarometeret 2003 svara 31 prosent av deltakarane at det var «svært sannsynleg» at dei ville nytte seg av eit tilbod om utanlandsstudium. Alt i alt meinte om lag 60 prosent at det var meir sannsynleg at dei ville studere i utlandet, enn at dei ikkje ville gjere det. Samstundes etterlyste eit stort fleirtal meir informasjon om tilboda. Dei faktorane som har mest å seie for om studentar reiser ut i løpet av studiet, er lett tilgjengeleg informasjon og fagleg gode tilbod, i tillegg til den personlege og økonomiske situasjonen.

– Tanken bak Verdsrommet er å ha eit informasjonstilbod som er sentralt plassert og som er bemanna kvar dag, sa leiar Jon Gunnar Simonsen.

Han fortalde at staben på Verdsrommet har sett i verk fleire tiltak for å nå ut til studentane, og at ein også vil ta initiativ til betre system for å koordinere rettleiinga.

– Kvar har UiB avtaler, og kva tid passar det å reise? Kva med finansiering og godkjenning av studiet? Vi vil gje grundig og strukturert informasjon om desse tinga. Gode samarbeidsavtaler har mykje å seie for rekrutteringa til UiB. Det blir ei spennande og utfordrande tid!

Powered by Labrador CMS