Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I perioden 1997-2007 blei halvparten av alle dei samfunnvitskaplege artiklane i verda publiserte i Nord-Amerika og 40 prosent i Europa. Forskarar i resten av verda stod bak berre 10 prosent av artiklane. Det kjem fram i UNESCOs tiårsrapport om samfunnsvitskapane.
Onsdag offentleggjorde UNESCO sin første rapport sidan 1999 om situasjonen for samfunnsvitskapane i verda. Då var hovudredaktøren for rapporten, Francoise Caillouds, komen direkte frå Paris for å presentera den for eit knippe med inviterte norske forskarar og byråkratar i lokala til Noregs forskingsråd. Rapporten peikar i første rekkje på dei store skilnadane mellom samfunnsvitskapane i nord og i sør. Samtidig viser den at samfunnsvitskapane styrkjer sin posisjon i land som Kina, Brasil og India, skriv Uniforum. Derimot er store delar av Afrika komen i bakleksa. Av dei samfunnsvitskaplege artiklane frå land sør for Sahara som er registrerte i databasen Web of Science, kjem 75 prosent av dei frå ei handfull universitet i Sør-Afrika, Nigeria og Kenya. Engelsk dominerer – Eit mogleg tiltak kan vera at andre land fylgjer Brasils døme og let staten betala for at dei aller beste universiteta skal få full tilgang til alle dei samfunnsvitskaplege databasane og publikasjonane. Samtidig må det vera eit mål at alle forskarar skal sikrast fri tilgang til alle desse elektroniske forskingstidsskrifta. Om mogleg må dei nasjonale styresmaktene gå inn i forhandlingar med forlagshusa om dette, meinte Cailloud ifølge Uniforum. – Rangeringar trekkjer forskartalenta til nord – Sidan stort sett nordamerikanske og europeiske universitet dominerer på desse listene, vil dei bli endå meir attraktive for dei beste studentane frå landa i sør. Difor er ein av tre av dei som tar doktorgrad i økonomi i USA fødd i eit anna land, medan fem av dei som tar doktorgrad i ein samfunnsvitskap er det, slo ho fast. Vil ha forskartalenta tilbake – Kina og Mexico garanterer dei ferdige doktorane ei fast stilling, om dei kjem tilbake, eller så etablerer styresmaktene internasjonale nettverk og samarbeidsgrupper med nasjonale forskarar som arbeider i utlandet. Det er tilfellet for Argentina, Colombia, Kina og Filippinane. Effekten av desse tiltake blir avgrensa, så lenge arbeidsforholda for samfunnsforskarar ikkje blir betre i desse landa, konstaterte Cailloud. Får ikkje gjennomslag på morsmålet Det same er tilfellet for japanske historikarar og samfunnsvitarar som arbeider med viktige tema i det japanske samfunnet. Dei vekkjer ingen merksemd internasjonalt fordi dei skriv dei vitskaplege artiklane sine på japansk. Mange retningar innanfor samfunnsvitskapen har utfordra den samfunnsvitskaplege standardproduksjonen i landa rundt Nord-Atlanteren. Dei meiner at samfunnsvitskapane i nord brukar irrelevante metodar for å kunna analysera samfunn i sør, og byggjer opp under kravet om at samfunnsvitskapane må bli flinkare til å respektera og gå god for lokale røyndomar og kunnskapsformer. UNESCO-rapporten viser til at Kina har klart å finna ein balanse mellom intellektuelt sjølvstende i temaval og breiare akademisk utveksling med samfunnsvitarar frå heile verda. – Treng forsking på samfunnsvitskapane I rapporten går det fram at samfunnsvitskapane som kan fortelja viktige ting om eit land, ikkje blir prioriterte økonomisk i dei aller fattigaste landa. I land i sør som gjer det godt innanfor samfunnsvitskapane, subsidierer staten mesteparten av samfunnsforskinga. Det gjeld land som Brasil, Mexico og Kina. Andre grunnar til at mange land kjem på etterskot, er rammeverket til forskingssystemet, mangelen på tilgang til ressursar som vitskaplege tidsskrift , digitale ressursar og bøker. Kor mange godt utdanna samfunnsforskarar eit land har, er også viktig. – Mange politikarar og byråkratar vil gjerne at samfunnsforskarar skal finna ferdige svar på eit politisk problem for dei. Sanninga er at dei ikkje kan gjennomføra det dei vil så lenge dei ikkje får folkeleg oppslutnad for det, slo Cailloud fast. Må satsa på betre infrastruktur i sør –Mange motpolar –Då finst det mange motpolar. Dei som er uvillige til å akseptera dei og dei som godtar det. Dei som ser på det som uungåeleg eller manøvrerbart . Dessutan har me dei som berre ser på klimaendringane som del av livet. For oss blir det viktig å sjå på klimaendringane i fleire perspektiv. Det handlar om mennesket sin påverknad på miljøet og effekten miljøendringar har på menneska. Sist, men ikkje minst handlar det om korleis mennesket reagerer på klimaendringar, slo ho fast.
Eit anna problem for samfunnvitskapane er at 85 prosent av alle dei vitskaplege tidsskrifta er redigerte på engelsk, slår rapporten fast. Det faktum at det kostar flesk for universiteta å vera abonnent på dei vitskaplege tidsskrifta fører til at mange universitet i sør ikkje har råd til å ha ei naudsynt samling av vitskaplege tidsskrift for samfunnsvitskapane. Konsekvensen av dette er i stor grad til at landa i nord aukar det akademiske forspranget til land i sør.
Dei internasjonale rangeringane av universiteta, meinte ho kunne vera positive. Likevel såg ho også mange ulemper med dei.
Rapporten, som byggjer på innspel frå samfunnsforskarar frå universitet over heile verda, understrekar likevel at nokre land prøver å gjera noko med problemet med hjerneflukt.
Det blir også vist til korleis samfunnsvitarar som forskar på lokale problem i hovudsak publiserer forskingsresultata sine på eit nasjonalt språk, til dømes arabisk i Marokko. Om ein samfunnsvitar skriv om tema som ligg utanfor landet, blir teksten publisert på engelsk eller fransk.
– Samfunnsvitskapane kan fortelja mykje om korleis kultur, verdiar og religiøs tru formar måten ulike grupper tilpassar seg til klimaendringar. Dei kan gi oss informasjon om kva rolle institusjonar og politiske grupper spelar. Trass i dette er det ikkje nok. Samfunnsvitskapane treng nye idear, nye metodar og nye tilnærmingsmåtar. Diverre er samfunnsvitskapane i dag minst til stades, der det er mest bruk for den, sa Cailloud.
Rapporten om samfunnsvitskapane konkluderer med at både regjeringar, internasjonale organisasjonar og hjelpeorganisasjonar bidrar med økonomisk støtte til forskingsinstitusjonar og individuelle forskarar. Styresmakter, forskingsråd, stiftingar og pengefond bør syta for at universiteta og forskingsinstitusjonane får den teknologien og dei pengane dei treng for at dei får tilgang til dei viktigaste nasjonale og internasjonale samfunnsvitskaplege tidsskrifta. Eit anna mål må vera at alle får høve til å arbeidar og samarbeida på sitt eige morsmål, men samtidig som vedkomande forstår andre språk. UNESCO foreslår difor at internasjonale organisasjonar samarbeider om å setja i verk eit system som gjer at fleire artiklar på andre språk enn engelsk blir omsette.
Karen O’Brien er professor i samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo. Ho er mellom bidragsytarane til rapporten. I innlegget sitt tok ho utgangspunkt i forskinga si på korleis folk reagerer på tiltak som blir sett i verk på grunn av klimaendringane.