Vestlendingen under lupa

Publisert

For første gong kjem det noe eit historisk verk som ser på Vestlandet som ein region. Tidspunktet er ikkje tilfeldig, mange ønskjer å kvitte seg med fylkeskommunen og sjå etter nye løysingar for regionalt samarbeid.

– Det å skrive ein såpass stor landsdels historie er noko heilt nytt. Og det er ingen tvil om at dette verket spring ut av ein aktuell politisk situasjon. Det er mykje snakk om regionalisering no – og fylkeskommunen er truga, derfor er det interessant å utforske kva vestlandsregionen har vore gjennom tidene, med både samanbindande og splittande faktorar, seier professor emeritus Knut Helle, som er redaktør for verket. Han seier at forfattarane nok vil gje eit bidrag til å styrke den vestlandske identiteten, men at dei ikkje er ute etter å drive propaganda.

Bidrag frå heile Vestlandet

Hovudvekta i Vestlandshistoria ligg på nyare tids historie, men ho skal trekke linene fleire tusen år tilbake i tid, til dei menneska som først tok Vestlandet i bruk. Verket er tematisk oppbygd. Band ein har arbeidstittelen ”Naturvilkår og næringsdrift”, band to ”Samfunn og samfunnsorganisasjon” og band tre er kalla ”Kulturell tradisjon og fornying”. Kvart band skal ha eit samtidskapittel til slutt. Bidragsytarane kjem frå ei rekke fagdisiplinar ved alle universitet og høgskular på Vestlandet: historie, arkeologi, nordisk filologi, litteraturvitskap, statsvitskap, sosiologi og kunsthistorie.

Ideen til Vestlandshistoria kom i 2002 under det førebuande arbeidet med kulturstiftinga Vestform, som er eit samarbeidsorgan på kulturområdet for Vestlandsfylka. Det vart føreslått at fylkeskommunane Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane skulle støtte prosjektet. Når det kom til stykket, var det berre Rogaland som ville løyve til forprosjektering av prosjektet, men seinare kom Sparebanken Vest på banen og sa seg villig til å finansiere heile historieverket. Dei faglege medlemmene i redaksjonsutvalet er forutan Knut Helle, Ottar Grepstad, nordiskfilolog og direktør for Nynorsk kultursentrum i Ørsta, Arnvid Lillehammer, arkeolog og førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger og historikar Anna Elisa Tryti. Vigmostad og Bjørke (Fagbokforlaget) er valt til å stå for utgjevinga.


Bergens janusansikt

Vestlandet er kjenneteikna av ei rekke motsetningar, understrekar Knut Helle.

– Bergen har dominert Vestlandet så sterkt at det har verka samlande for heile regionen, men samstundes har byen hatt så mykje økonomisk, politisk og kulturell makt at den har bidradd til å skape motsetnader mellom by og land. Ta til dømes bergensdialekten, som ikkje liknar noko av slik ein snakkar andre stader på Vestlandet. Den speglar bergensarane sin nære kontakt med hanseatane og er eit godt døme på bykulturen i Bergen. Samstundes er det faktisk forbausande kor lite bergensdialekten har påverka striledialekten, sjølv om dette no er i endring, seier Helle.

Eitt anna viktig poeng i Vestlandshistoria er at Vestlandet har ikkje alltid vore Vestlandet. Nemninga vart først vanleg på 1800-talet då det vart vanleg å sjå resten av landet i forhold til hovudstaden Christiania. I Ivar Aasens Norsk Ordbog frå 1850 kom det eit eige oppslag på ”Vestlending”, men vestlendingen vart vidt definert, og også dei to noverande Agder-fylka og den sørvestlegaste del av Telemark vart rekna til Vestlandet. I Telemark og Hallingdal rekna dei derimot frå gammalt av strøka på den andre sida av Hardangervidda for ”Nordlandet”. Vegen dit gjekk nord over fjellet og folk derifrå var nordmenn. Islendingane der kalla på si side folk frå det vestlege Noreg for austmenn – og Snorre Sturlasson oppfatta Vestlandet som ”midtlandet” i det norske riket.


Det moderne Vestlandet

Knut Helle definerer i vidaste meining Vestlandet i dag som kystområdet frå Møre til Rogaland, men det er og vanleg å setje grensa lenger sør, i nordkant av Sunnmøre eller sør for Stad. I eit historisk perspektiv femner Vestlandet også om det som i dei siste hundre åra har vore Sørlandet. Det vestnorske lovområdet, Gulatingslag, strekte seg i mellomalderen frå og med Agder til og med Sunnmøre, og Agder var Vestland til Vilhelm Krag gjekk i bresjen for å døype landsdelen sin om til Sørlandet først på 1900-talet. Eitt av måla med verket er å samanlikne Vestlandet med resten av landet og kartlegge sambandslinene til andre landsdelar og til utlandet. Eitt tydeleg trekk når det gjeld utviklinga på Vestlandet i nyare tid er elles at tyngdepunktet forskyv seg frå nord til sør, og frå innland til kyst.

– Motorane i næringsutviklinga er no kysten, først og fremst Stavanger og Bergen, og stavangerområdet er nok den delen av Vestlandet der trykket er størst for tida, seier Knut Helle.

Fins det ein vestlandsk identitet? Ja, meiner Knut Helle, men han hevdar at denne likevel er svakare enn kjensla av å høyre til mindre delar av Vestlandet. Jamt over føler nok folk seg meir som sunnmøringar, sogningar, hardingar, jærbuar og så bortetter enn som vestlendingar. Det at ein likevel også kan snakke om ein vestlandsk identitet, skuldast ikkje minst litteraturen.

Ivar Aasen, Arne Garborg, Amalie Skram, Hans E. Kinck, Jon Fosse og Ingvar Moe er alle døme på forfattarar som har vore med på å skape Vestlandet gjennom tekst.

– Dette blir berre første spadestikk i noko som truleg vil stimulere til meir forsking, seier redaktør Helle, som også legg vekt på at det nye historieverket skal brukast aktivt i undervisning og formidling.

Powered by Labrador CMS