– Vi har ei «hemmeleg» liste

Regjeringa har ein plan om kva bygg som skal få pengar. Rektor ved UiB, Sigmund Grønmo, har mange nok planar. Han vil heller ha klare løyvingar.

Tysdag var politikarar og personar frå forskingssektoren samla på eit seminar i regi av Forskerforbundet. Her fortalde kunnskapsminister Kristin Halvorsen at Kunnskapsdepartementet har oversikt over innmeldt behov til investeringar i bygg, men at dette ikkje er offentleg – enno.

– Vi tåler meir offentlegheit rundt prioriteringsrekkefølga, sa Kristin Halvorsen ifølge Forskerforum.

– Når vi skal satse på kunnskap og forsking, er det avgjerande at vi har gode planar og semje om kva som skal prioriterast. Vi har ei bygningsmasse med store behov, sa Kristin Halvorsen.

– Nok planar
Rektor ved Universitetet i Bergen, Sigmund Grønmo, åtvara mot å late arbeidet vi ein nasjonal plan verte ei sovepute. Han ynskjer heller pengar på bordet.

– Dette handlar om læringsmiljø, universell utforming, forskingsinfrastruktur og ansvar for nasjonale monumentalbygg. Vi har mange nok planar som er ferdig utarbeidde til å sette i gang med løyvingar, sa Grønmo.

 

Powered by Labrador CMS