Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Direktør for Noregs forskingsråd, Arvid Hallén, seier han erkjenner at Forskingsrådet har eit problem når det gjeld den frie forskinga.
Forskarinitierte frittståande prosjekt er Forskningsrådets hovudverkemiddel for å støtte langsiktig grunnforskning. Over 90 prosent av søkarane får negativt svar i posten. – Utdanningsdepartementet har heilt sikkert ikkje hatt noko ønske om å kutte desse midlane, men regjeringa si samla budsjettprioritering gjer at vi har enda opp med det vi syns var eit veldig skuffande budsjett. Hallén seier vidare at finansieringssystemet av norsk forsking der alle departement skal vere med å finansiere, kan ha ein tendens til at det meir anvendte og kortsiktige blir noko sterkare prioritert enn det meir langsiktige og grunnleggande forskinga. Dette gjeld mellom anna for samfunnsfaga.
Forskarar ved UiB, har gått ut i På Høyden og etterlyser ein betre politikk for den frie, forskarinitierte grunnforskinga.
– Vi er veldig klar over den situasjonen som vi har hatt over fleire år med lite pengar til frittståande prosjekt og dermed svært lav innvilgelsesprosent. Vi har generelt hatt for lite pengar til frie prosjekt, og det siste året blei dette forverra gjennom ein sterk nedgang i budsjettet frå Utdannings- og forskingsdepartementet, seier Hallén.
Ifølgje Hallén var det som blei borte såkalla eingongsmidler dei har hatt i eit par år på grunn av omlegginga av finansieringssystemet, men ein nedgang er det like fullt. Samstundes har auka innsats for internasjonalisering kravd særskilte midlar frå same potten.
Skuffande budsjett
Hallén seier Forskingsrådet i budsjettframlegget foreslår ein betydelig vekst til fri grunnforsking.
– Men det er ein del av historien at vi også har lagt om til ein sterkare konsentrasjon av midlane, slik som gjennom Sentra for framifrå forsking (SFF). Ei anna ordning som går i same retning er Yngre framifrå forskarar (YFF). Det er også andre døme på at vi gir midlar meir konsentrert, som til dømes midlar til Sars-senteret. Dermed har vi mindre til dei mindre prosjekta.
Kortsiktig samfunnsforsking
– På den andre sida gir også programforskinga ofte rom for langsiktig og ”forskarinitiert” forsking, avsluttar Arvid Hallén.