Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Regjeringa har prioritert fleire studieplassar. Sjølv ikkje i eit av verdas rikaste land kan vi prioritere alt, var bodskapen då finansminister Sigbjørn Johnsen møtte studentar og tilsette.
Finansminister Sigbjørn Johnsen meiner at statsbudsjettet satsar på utdanning og forsking, trass i at det har vore lite ros å hente i sektoren etter framlegginga i førre veke. Foto: Dag Hellesund Universitetsmiljø har jamt vore lite nøgde med statsbudsjettet for i år, som aukar talet på studieplassar noko, men ikkje er eit stort løft for forsking. Heller ikkje ei av UiB-leiingas prestisjesaker, ny aula i Universitetsmuseet, var det løyvingar til. For ein fullsett sal i Det akademiske kvarter gjekk Johnsen gjennom statsbudsjettet, og særleg grunngjevinga for at det berre var tilrådeleg å bruke 1064 milliardar kroner av inntektene på 1314 milliardar. Og i møte med norske studentar var det italiensk ungdom Johnsen brukte mest tid på. – Ungdom i Italia er i ein helt anna situasjon enn norske. Det er veldig vanskeleg for italiensk ungdom å få fotfeste i italiensk arbeidsliv, og dei har små håp for framtida. Å ha mange i jobb er ein stor verdi for samfunnet, fortalde finansministeren. Til norske studentar som slit med mangel på studentboligar og for lite auke i studiestøtta, hadde han lita trøyst, utover at det var lurt å jobbe for sakene sine. – Universitets- og høgskolebudsjettet har ein realvekst på 2,2 prosent, og då særleg gjennom auka kontingent til EØS. Dette er langt unna målet om ei tre prosents vekst. Er det nokon grunn til at vi må ha så små ambisjonar, lurte mat.nat-dekan Dag Rune Olsen. – Vi treng ikkje å ha små ambisjonar, og oljeindustrien er eit døme på det. Der er vi leiande i verda. Når det gjeld utdanning er vi det landet som nesten ligg høgst i OECD, men kanskje vi er for lite flinke til å vere frampå når det gjeld å få pengar ut igjen gjennom EU-prosjekt. Forsking og utdanning er uansett eit satsingsområde, sa Johnsen under møtet arrangert av Arbeiderpartiets Studentlag.