Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Rådgjevar for handicappa, Iren Igesund, kjenner seg ikkje att i framstillinga i BT der ein dyslektisk student skuldar Universitetet i Bergen for ”horribel behandling”. UiB har sidan 1970-talet hatt tilrettelegging for dyslektikarar.
Det var i Bergens Tidende fredag at ein student stod fram og hevda at ho har fått ”horribel behandling” ved UiB. Igesund vil ikkje kommentere denne einskildsaka, men seier at dyslektikarar er den gruppa UiB har hatt mest tilbod til av alle grupper med særskilte behov. Ho meiner det ikkje har vore dyslektikarar som har støtt på mest problem i UiB-systemet. Ifølge Igesund har ein ved UiB i lengre tid også hatt eit gruppetilbod til dei som har denne funksjonshemminga. Igesund seier at når det gjeld studentar med særskilte behov kan ho hjelpe til med å reservere lesesalsplass og at det ikkje er noko problem. Når det gjeld dei som treng eigen kontorplass fins det ein del kontorplassar på kvart fakultet. Akkurat no er det venteliste, det har det ikkje vore inntil no.
– Eg synest det er trist at ein student har opplevd kontakten med UiB på denne måten. Vi gjer alt vi kan for å prøve å hjelpe, også med å finne kontorplass. Vi tek dysleksi på alvor og har god kompetanse på området. Heilt sidan 1978 har vi hatt eit godt samarbeid med logopedar ved Eikelund kompetansesenter. Det vanlege med dyslektikarar er at vi hjelper med tilrettelegging til eksamen. Vi hjelper også med fornying av dysleksiattest, og vi henviser dei som mistenker at dei har dysleksi til Eikelund kompetansesenter for utredning, seier Iren Igesund. Får dei stadfest at dei har dysleksi nyttar dei ”attesten” til å søke om utvida tid på eksamen og gjerne lov til å nytte PC.
Dyslektikarar har mange tilbod
– Vi har hatt kurs som har blitt leia av logoped frå Eikelund, seier Igesund. Kurset har no blitt lagt ned, på grunn av at studentane fell frå når det nærma seg eksamen. Det vart for tidkrevande for dei, trur Igesund. I staden har UiB saman med Studentsamskipnaden og Eikelund arrangert eit dagsseminar for dyslektikar. Det er kun ved UiB vi har hatt slike tilbod, seier Igesund.
Ved UiB kan det vere opp i mot tusen studentar med særskilte behov. Tala er uklåre på grunn av at ikkje alle registrerer desse behova, ein del av desse er allergikarar, men det er på det reine at over hundre UiB-studentar har dysleksi.
Studenten som stod fram i BT var spesielt opprørt over at ho ikkje fekk eigen kontorplass, men vart henvist til å nytte kollokvierom når dei er ledige.
Treng fleire kontorplassar
– Dersom eg ikkje har ledige kontor sjekkar eg alltid med fakulteta om der kan vere nokre ledige lokale. Eg ser at vi ikkje lenger har nok kontorplassar for dei med særskilte behov. Vi ønskjer å ta dette med i neste handlingsplan, men når det er sagt strekker vi oss langt for å hjelpe og då er kollokvierom eit alternativ medan ein ventar på å få eige kontor, seier Igesund.
Ho meiner at det skjer mykje positivt for dei med behov for særskilt tilrettelegging ved UiB – og at ein er langt meir merksam på slike ting enn berre for fem år sidan.
For hørselshemma har det blitt gjort ein god del. Det er installert IR-anlegg, ei form for teleslynge, i svært mange auditorium rundt på campus. Bevegelseshemma er ei gruppe som alle er veldig observante på når det gjeld nybygg og rehabilitering, og mykje har betra seg for dei, ifølge Igesund. Dei som først og framst treng at det blir tatt eit tak no er dei synshemma, hevdar ho.
I løpet av 2005 kjem ein ny handlingsplan for studentar med særskilte behov.