Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Ein burde forska på korleis børsen vert brukt til kvitvasking av pengar, men også på kva slike pengar gjer med økonomien vår. Det sa den verdskjende korrupsjonsjegaren Eva Joly under jubileumsføredraget ho heldt då Selskapet til Vitenskapenes Fremme feira 75-års jubileum 12. desember.
Under føredraget kom Joly inn på fleire av dei viktigaste hindringane for eit meir effektivt arbeid mot korrupsjon og kvitvasking av pengar. Joly hausta både applaus og lovord under besøket ved UiB. Mange gav uttrykk for beundring for integriteten og autoriteten hennar - og for motet. Ho er kjent for å vera uredd i alle slags fora, og kvidde seg heller ikkje å koma med krass kritikk under føredraget mot den låge prioriteringa av rettsapparatet i mange land. – Eliten ein prøver å ta, øver eit enormt press på etterforskarane og bruker nettverka sine for å redda seg sjølv. Ein møter anklager frå forbrytarar eller mistenkte som bruker alle middel for å flytta fokuset bort frå si eiga sak. Dette kan gjera heilt slutt på privatlivet, og somme korrupsjonsjegarar gjev opp som følgje av dette presset og all mediefokuseringa. – Det er deprimerande å sjå samanhengen mellom korrupsjon og borgarkrigar mange stader. Og me veit at mange vestlege bankar har teke imot pengar frå slike korrupte styre trass i at dei har innført reglar som skulle ha forhindra dette. Konsekvensane av den omfattande korrupsjonen og kvitvaskinga på verdsbasis er alvorlege, men me veit ikkje nok om kva dette gjer med økonomien, sa Joly.
Eit hovudproblem er at det enno ikkje finst nokon internasjonal domstol for denne kriminaliteten. Ein er heilt avhengig av velvilje og samarbeid med politi og påtalemakt i andre land for å kunna få bevis og for å kunna få saker for retten - for dei må for nasjonale domstolar. Dette er også ein av grunnane til at slike saker tek svært lang tid, ofte mange år. Mistenkte kan jamvel anka rettslege avgjerder om å oversenda bevismateriale frå eitt land til eit anna, til dømes kontoutskrifter.
– Dette gjev oss eit svært langsamt og tungvint system, sa Eva Joly, som likevel vart provosert av at somme meiner dette strir mot grunnleggjande menneskeretter og difor krev at sakene skal avvisast om dei går over meir enn til dømes to år.
– Skulle me godta dette, ville me aldri få nokon dømt, hevda Joly.
For lite ressursar
Ho brukte mellom anna Frankrike som døme; der går om lag 1,5 prosent av statsbudsjettet til justis, mens heile 15 prosent går til forsvaret. Snittet i Europa ligg på om lag to prosent.
– Dette er dei ny militære farane så me burde kanskje kjøpa litt færre våpen og heller styrka rettsapparatet slik at me har ressurser til å få saker gjennom og få fellande domar, hevda Joly.
Joly kom også inn på dei meir sosiologiske og psykologiske hindringane, som at det er vanskeleg å døma eliten.
– Me likar ikkje å tenkja på eller innsjå at eliten vår er mordarar eller skurkar, sa Joly og viste mellom anna til fleire saker der tidlegare statsministrar eller presidentar er klaga for mord eller medverknad til mord.
Hardt press på etterforskarane
– Det at eg overlever Elf-saka, skuldast at eg har flytta tilbake til Noreg og jobbar her. Hadde eg vore i Frankrike no, ville medierådgjevarane til dei som er anklaga, greidd å knekka meg, sa Joly.
No er ho engasjert som spesialråd i det norske Justisdepartmentet for å arbeida med praktiske tiltak som vil gjera korrupsjon vanskelegare internasjonalt og prøva å finna igjen forsvunne u-landspengar. Mange land, som til dømes Angola, er robba for ressursar. Fleire milliardar dollar er borte frå statskassen som følgje av korrupsjon og kvitvasking av pengar som også vestlege selskap har vore og er involvert i.
Korrupsjon og borgarkrigar
Heldigvis er fleire land omsider komne i gang med tiltak som kan letta anti-korrupsjonsarbeidet, til dømes å forby bruk av anonyme konti. Det har skjedd mykje berre sidan 1996, og no er det fleire internasjonale inititativ både i regi av FN og andre for å få fart på dette arbeidet, fortel Joly.