Selskapet Ideas2Evidence gjennomfører for tida ei lesarundersøking. Dataa skal gi deg eit endå betre På Høyden i framtida. Foto: Colourbox

Vi undersøker lesarene våre

Publisert

På Høyden gjennomfører for tida ei lesarundersøking, både per epost og på nett.

Ettersom tilsette ved Universitetet i Bergen er vår primære lesargruppe, skal det vere sendt ut epost til alle tilsette. I tillegg vil det kunne komme komme opp ei pop-up-side når du går inn på pahoyden.no. Undersøkinga er kort, og tek få minutt å fylle ut. 

Lesarundersøkinga er viktig for å finne ut kva lesarane synest om avisa, og korleis vi kan gjere produktet endå betre. Den førre lesarundersøkinga blei gjennomført i 2009.

Selskapet Ideas2Evidence utfører undersøkinga. Vi mottek sjølvsagt gjerne ros, ris, idear og tips direkte òg!

Powered by Labrador CMS