Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
For å markera stemmerettsjubileet har bibliotek for humaniora laga ei utstilling om kvinnene som gjekk føre.
– Kan ei kvinne vera ein borgar? Spørsmålet vart stilt i 1818 – og svaret var sjølvsagt nei. Ein måtte då forstå at ein borgar, det var ein mann. Men frå tidleg på 1800-talet, og dei 150 neste åra, finst det òg sterke kvinner som gjorde seg gjeldande i historia. Åtte av desse er no med i ei utstilling førstebibliotekar Jan Olav Gatland og avdelingsingeniør Pedro Vásquez har laga i samband med stemmerettsjubileet. Utstillinga vert ståande på Bibliotek for humaniora ut året. – Dei gjekk føre Namnet på utstillinga er nettopp «Kvinner som gjekk føre». I utstillinga finn ein forfattar og kvinnesakspionér Camilla Collett (1813-95), Ragna Nielsen (1845-1924), som var ein av grunnleggjarane av Norsk Kvinnesaksforening, Aasta Hansteen (1824-1908), den første kvinnelege profesjonelle kunstmalaren i Norge og Randi Blehr (1851-1928), som vaks opp i Bergen, men flytta til hovudstaden og stifta Norsk kvinnesaksforeining. Ho var òg med på å stifta Norske Kvinners Sanitetsforening. Vidare finn ein journalist, kritikar og arbeiderpartipolitikar Fernanda Nissen (1862-1920), som òg vart landets første filmsensor, Rachel Grepp (1879-1961) , som kom frå ein velståande skipsreiarfamilie i Bergen, og som saman med ektemannen var med på å stifta Bergens socialdemokratiske ungdomslag. Ho vart seinare medlem i Oslo bystyre. Hulda Garborg (1862-1934) var forfattar og kulturarbeidar og sterkt engasjert i opprettinga av Det norske teateret, og Bolette C.Pavels Larsen (1847-1904) var forfattar, omsetjar, journalist og kritikar i Bergens Tidende. Ho var truleg den første kvinnelege hovudkritikaren i ei dagsavis. Ei tid i endring For kva samfunn var det kvinnene som gjekk føre levde i? I år er det 200 år sidan Camilla Collett vart fødd. – Dei levde i ei tid i ending, sa professor emerita Ida blom. – Økonomi var mannen sitt ansvar, kvinnene hadde ansvar for heimen, for å føda barn og for å ta seg av sjuke. På 1800-talet var dette ei skildring som passa på borgarskapet sine døtre. Camilla Collet var den første som stilte spørsmålet: Skal eit ekteskap vera tufta på fornuft eller kjærleik? Aasta Hansteen tok til orde for at kvinner og menn burde ha same seksualmoral, og ho var så frisinna at ho gjekk åleine på kafé. Gina Krog meinte at kvinner òg er menneske, og difor bør ha same rettar som menn. – I 1884 fekk kvinner ta universitetsutdanning. Men mange, kanskje særleg det medisinske fakultetet, var skeptiske. Dersom kvinner kunne verta legar kunne både status for yrket og løna vera truga. Det viste seg òg at det vart vanskeleg for kvinnelege legar å få jobb, sa Blom. – Collett er størst Den nasjonale stemmerettskomiteen, som er leia av tidlegare stortingspresident Kirsti Kolle Grøndahl, har plukka ut «dei fire store» blant norske kvinner. Det er Camilla Collett, Gina Krog, Fredrikke Marie Quam og Fernanda Nissen. – Kven er den største? – Det er vanskeleg å koma utanom Camilla Collett. Ho var svært viktig i kampen for likestilling, og var tidleg ute, seier Gatland til På Høyden. – Det er vanskeleg for oss i dag å forstå kor mykje bråk det kunne verta, mellom anna av at ei kvinne ville gå på kafé åleine. Samstundes er det mange land som ikkje har kome så langt som oss, så det er ikkje vanskeleg å forstå at utlendingar av og til kan synast at me er frimodige. Universitetsbibliotekar Ane Landøy klipte snora som dei to bak utstillinga, Jan Olav Gatland og Pedro Vásquez, hadde kontroll på kvar sin ende av.
– Me har trekt fram åtte kvinner, basert på originalmateriale av brev og bøker som me har på biblioteket. Tre av kvinnene var frå Bergen, og alle desse åtte var kvinner som gjekk føre, sa Gatland.
Opninga vart markert med song frå kvinnegruppa i songkoret Lyderhorn. Dei hadde børsta støvet av Carl Jeppesen sin «Vor fane vi døper i maidags sol». Songen vart knytt til stemmerettstoget i 1907. og ei av verslinjene er slik: «Vi vil ikke trelle og lide».
Den første kvinnelege proefessoren kom i 1912, den første kvinnelege statsråden ti år seinare, men den første kvinnelege presten vart ikkje ordninert før i 1969 – 31 år etter at det vart opna for kvinnelege prestar.