Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Dialogen med og mellom fagmiljøa på universitetet står øvst på dagsorden for rektorkandidat Leiv K. Sydnes.
– Kvifor ønskjer du å bli rektor ved Universitetet i Bergen? – Kva vil vere dine sterke sider som rektor? – Kor viktig vil det vere for deg å markere deg utanfor universitetet, og i den samanhengen, kor synleg ønskjer du å vere i media? – UiB har lagt seg på ei linje der ein har prøvd ut ulike modellar, og eg har sett at det er ulike haldningar til kva slags løysingar ein skal ha. Sjølv arbeider eg på eit institutt der vi har fått tilsett styrar, og eg er godt fornøgd med det. Men på andre fag, som er mindre avhengige av felles infrastruktur for å kunne fungere, vil behovet for tilsett styrar sikkert kunne vere mindre. Det må vi kunne leve med. Når det gjeld samanslåingar bør vi ta omsyn til dei faglege behova, og ikkje tvinge fagmiljø saman når det etter grundige drøftingar syner seg å vere veldig sterke motforestillingar mot det. – Kva syn har du på den nye forskingsmeldinga? – Spørsmålet om UiB skal vere eit breidde- eller eliteuniversitet har blitt tatt opp i seinare tid. Kan vi få begge deler, er det mogleg? – Kva er dei viktigaste tiltaka for å sikre rekrutteringa til forskings- og undervisningsstillingar ved universitetet?
– Eg har lyst til å vere med å påverke utviklinga ved heile universitetet. Som tilsett viserektor har eg hatt ansvar for utdanning med oppgåve å gjennomføre det som styresmakter og styret på universitetet har bestemt. Dette er eit arbeid eg har likt. Samstundes har eg ofte hatt lyst til å ta tak i oppgåvene utanfor utdanningsfeltet, noko eg ikkje har kunna gjort i særleg grad som viserektor. Som rektor vil eg derimot få høve til å arbeide med spørsmål og utfordringar knytt til forsking, utdanning og formidling på ein integrert måte, og det har eg altså lyst til. Dette ser eg på som ei viktig oppgåve i ei tid der universiteta har ei særleg viktig rolle å spele i samfunnet. I dag finst det knapt ei viktigare oppgåve enn å forvalte og utvikle kunnskap som set oss i stand til å forklare fortida, forstå samtida og forme framtida.
– Dersom du blir valt, korleis vil tilsette og studentar merke det?
– Eg kjem til å legge opp til opne kanalar med omgivnadene og styrke kontakten med studentar og tilsette gjennom regelmessige besøk heilt ned i grunnmiljøa. Det er viktig å møte grunnmiljøa for å vite kvar skoen trykker og samstundes orientere fagmiljøa om saker som er aktuelle, for slik å få innspel før avgjerdslene blir tekne. Vidare kan eg love meir fokus på forskinga på disiplinnivå. Store satsingar skal sjølvsagt fram, men slike satsingar krev sterke fagdisiplinar. Dessutan, praktisk talt alt som skjer på universitetet er relevant for samfunnet rundt oss. Mykje meir av dette må formidlast. Eg ønskjer å spele på lag med dei tilsette og trekke dei med i formidlinga. Vi har utruleg mange som har mykje interessant å kome med og som kanskje kan trenge ein puff for å kome ut med det. Det vil også kome tiltak for å styrke fellesskapen på universitetet. Studentane og alle tilsette skal dra i same retning. Vi har alle ei rolle å spele når det gjeld å realisere måla om forsking, utdanning og formidling.
Kjenner utfordringane
– Eg trur eg har evne til å kommunisere med folk og fange opp det som skjer og utvikle løysingar i samarbeid med tilsette og studentar. Vidare er eg vand med å ha hand om mange saker samstundes og det kan gjerne gå raskt å skifte fokus frå ei sak til ei anna når det trengs. Med den erfaringa eg har frå arbeid for NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) har eg svært god kjennskap til kva som blir kravd av institusjonen innan forsking og utdanning. Det trur eg blir veldig viktig, fordi vi ser konturane av eit universitetssamfunn der evaluering kan bli ei fjerde oppgåve for oss, i tillegg til forsking, utdanning og formidling. Vi må hindre at det skjer. Vi er nødt til å gjennomføre evalueringsarbeidet på ein god og smidig måte som ikkje et opp tid for dei tilsette. Kjennskap til det regimet som omgir universitetet i dag er med andre ord ein stor fordel. Som rektor vil eg også få stor glede av den breie internasjonale erfaringa eg har fått i samarbeid med EU, UNESCO og Den internasjonale kjemiske unionen, der eg er president. Eg har framleis ei aktiv forskingsgruppe og driv undervisning, så eg kjenner godt til dei daglege utfordringane forskarane møter. I forskingsmeldinga som kom rett før påske blir det peikt på behova for særlege krafttak innan realfag. Då meiner eg det er ein fordel å ha realfagleg bakgrunn.
– Kor mykje makt vil du få som rektor?
– Mykje av makta ligg i kva slags saker ein tar opp og ikkje tar opp. Derfor er det viktig at ein rektor har brei kontakt med universitetssamfunnet, slik at tilsette og studentar ikkje kjenner seg tilsidesett. I denne samanhengen er det viktig at samarbeidet med universitetsdirektøren og hans stab er godt. Det har eg hatt gleda av å ha heile tida som viserektor, og det er eg sikker på at eg vil få dersom eg blir valt til rektor også.
For lite debatt
– Eg ser det som svært viktig at universitetet er med å setje dagsorden i samfunnsdebattar, for vi har mykje å tilby samfunnet. Derfor er eg førebudd på å bruke tid på å tale universitetet si sak i lokal fora, i regionale samanhengar, nasjonalt og i internasjonale organ. Dessutan vil eg halde fram med å ytre meg i aviser og andre media.
– UiB er i stor grad prega av ein konsenskultur, og du nemner at det er eit godt forhold mellom direktør og rektor. Kan det vere at ein kunne vore tent med eit høgare konfliktnivå til tider?
– Eg vil ikkje bruke ordet konfliktnivå. Men generelt er det for lite debatt og diskusjon på universitetet. Ein del saker hadde tent på meir drøfting før vedtak vart fatta. Eit godt døme er Kvalitetsreforma, der ein del detaljerte tiltak vart innførte utan at universitetsmiljøa blei involverte. Diskusjonar om det faglege vil vi alltid ha. I det heile burde det vere meir kjennskap til kva som hender i andre fag enn dei ein driv med sjølv. Eg ser for meg at vi bør ha eit tema kvart semester der vi tek opp større faglege spørsmål til diskusjon.
– UiB står føre og er inne i omorganiseringar i forhold til fakultets- og instituttstruktur og styringsformer knytta til dette. Kva syn har du på denne prosessen?
Opne prosessar
– Korleis kan demokratiet best ivaretakast ved UiB?
– Gjennom å halde folk orientert, ha opne strukturar og prosessar og gi prosessane nok tid. Det å gi demokratiet liv og innhald er noko som krev merksemd og som er grunnen til at eg ønskjer den tette kontakten med grunnmiljøa. I eit demokratisk system er det også slik at det kan dukke opp akutte saker som krev løysing, og då er det ofte for seint å konsultere på ein god måte.
– I debatten har det vore mykje snakk om akademisk fridom og behovet for autonomi for universitetet. Samstundes må kravet til innsyn og kontroll ivaretakast. Kor autonomt bør universitetet vere?
– Gjennom måten vi er finansiert på er det allereie mange band. I forhold til akademisk fridom er det eit absolutt krav frå universitetet at ein skal kunne handtere kunnskapen på ein intellektuelt forsvarleg måte. Men vi har eit problem fordi det blir gitt for lite midlar til grunnforsking. Vi er nødt til å skaffe meir til den disiplinbaserte, grunnleggande verksemda, slik at alle kan oppfylle sin rett og plikt til å drive forsking. På denne måten kan vi gi den akademiske fridomen eit innhald. I dag har vi målstyring og prosjekt av ulike slag, og dette har kome for å bli. Då er det ei utfordring for universitetet å sikre betre kår for dei frie prosjekta. Vi må sjå vidare enn umiddelbar nytteverdi. Derfor er det så viktig å ha fagmiljø som kan legge grunnlaget for faglege satsingar. Dette er heilt avgjerande for å utvikle samfunnet også. I vidareføringa av dette ligg utdanninga. Den skal ha eit grunnlag i forsking, og heng dermed saman med den akademiske fridomen.
Tiltrekke forskarar
– Det er ei god melding som inneheld gode vyer og som også ser ut til å ville realisere utfordringar knytt til rekruttering. Men eg må understreke at eg ikkje enno har fått lese meldinga i detalj. Det avgjerande blir om vyene blir finansierte. Dersom eg blir valt som rektor, vil rektoratet arbeide kraftig for så god finansiering som råd er.
– Kva er dei viktigaste måla i forhold til internasjonalisering?
– Det viktigaste er å bygge gode relasjonar mellom forskarar ved UiB og forskarar ved gode institusjonar i utlandet. Når den kontakten er etablert, kan den brukast til å etablere ordningar for utveksling av studentar, stipendiatar og forskarar. Grunnlaget for ei solid internasjonalisering ligg derfor i at vi har interessante forskingsaktivitetar hos oss. Med gode nettverk vil vi tiltrekke oss forskarar frå andre land, men dersom vi samanliknar UiB med institusjonar i utlandet, ser vi at vi har ein veldig liten aktivitet med internasjonale seminar og gjesteforelesarar. Dette må rettast opp. Vårt universitet har vore aktivt i forhold til internasjonalisering, og det er ei line Randi Håland og eg vil vidareføre på ein kraftfull måte.
Fagleg breidde
– Vi kan aldri få eit eliteuniversitet i den tradisjonelle tydinga av ordet, for universitetet skal ta opp studentar på brei basis og oppretthalde fagleg aktivitet over eit breitt spekter. Men vi kan bli, ja, vi er faktisk, ein eliteinstitusjon på utvalde områder, noko internasjonale evalueringar har stadfesta. Hadde Noreg vore eit land der det vart drive mykje forsking utanfor universiteta, kunne vi i større grad ha spissa forskinga. Men slik er det ikkje, og derfor blir det så viktig å halde den faglege breidda ved universitetet. Vi må ta vår del av ansvaret for å oppretthalde kunnskapsgrunnlaget i landet.
– Korleis vil du forholde deg til aktiviteten i Unifob og den kommersialiserte forskingsaktiviteten i den såkalla randsona av universitetet?
– Etableringa av Unifob syner at UiB ikkje vil ha kommersialisering som ein del av kjerneaktiviteten, og det er slik det skal vere. Unifob er viktig for utvikling av kommersielle prosjekt i nærleiken av universitetet. Men universitetet har ei svært viktig rolle i å styrke innovasjon og nyetablering, nemleg ved å gi studentane solid utdanning i eit skapande miljø. Dette er universitetet sitt viktigaste bidrag for å få til næringsutvikling. Ingenting vil vere betre enn at Unifob går med overskot som så kan brukast til å styrke grunnforskinga på universitetet.
Langsiktig rekruttering
– Rekruttering av forskarar og universitetslærarar er eit langsiktig prosjekt. Det startar med god kontakt med skuleverket og ei fagleg styrking av lektorstanden i den vidaregåande skulen, slik at fleire blir interessert i å studere og forske. Så må rekruttering av doktorgradsstudentar bli mykje meir planmessig enn i dag, slik at fleire tar doktorgrad. Eg vil arbeide for å få til ei nasjonal løysing med ei kopling mellom tilbod om finansiert doktorgradsutdanning og dei resultata ein oppnår i studiet. Då står studentane også mykje friare når det gjeld val av tema som dei tar doktorgrad i. I dag er det for få som er knytte til frie prosjekt. Med opplegget eg skisserer, vil ein student kunne søke kontakt med ein faglærar utifrå interessefelt. Dette trur eg vil vere spesielt gunstig for å auke rekrutteringa av kvinnelege forskarar. Når ein så har fullført doktorgraden må ein gjere nok eit val, og eitt av alternativa må vere postdoktorstipend, som det må bli fleire av. Her har forskingsmeldinga store vyer som eg håpar vil bli realiserte.
(PÅ HØYDEN HAR INTERVJUA ALLE DEI TRE KANDIDATANE TIL REKTORVALET 2005. INTERVJU MED RUNE NILSEN VART PUBLISERT 31. MARS. INTERVJU MED SIGMUND GRØNMO VERT PUBLISERT MANDAG 4. APRIL)