Vil byråkratiseringa inn på livet

– Byråkratisering har vore diskutert fleire gonger på UiB, men det har ikkje ført til nokon ting, seier Hans Ebbing. Mandag er han innleiar på debattmøtet om byråkratiet på universitetet.

– Tendensen til byråkratisering i universitetsbyråkratiet blei peikt på av undersøkingar gjort av Nifu Step allereie i 1994, fortel Ebbing, som har lang erfaring både som vitskapleg tilsett og frå administrasjonen ved UiB. Han har og vore hovudtillitsvald for NTL ved UiB.

Veks på toppen
Måndag arrangerer Forum for vitenskap og demokrati seminar om universitetsbyråkratiet, og møteleiar er Anders Johansen.

Ebbing og Tor Halvorsen i forum for vitenskap og demokrati peiker på fleire faktorar som ligg bak utviklinga mot meir byråkrati:

Meir eksternfinansiert forsking kan vere ei av årsakene til veksten, og utviklinga mot universitetet som ei merkevare.

– I det siste har veksten vore størst rundt rektoratet, og merkevarebygginga rundt institusjonen. Administrasjonen veks på toppen, mens bibliotekarane blir sultefôra, seier Ebbing.

 

Hans Ebbing og Tor Halvorsen stiller til debatt om byråkratiet på universitetet på mandag kl. 1415. Foto: Dag Hellesund

 

Veit for lite
Det mest ottefulle er at utviklinga vekkjer lite debatt internt, meiner både Ebbing og Halvorsen.

– Vi har for lite kunnskap om administrasjonen på universitetet, og dei administrativt tilsette har ingen kanalar for å diskutere utfordringane som ligg i administrasjonen, meiner Halvorsen, som er førsteamanuensis ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap.

Møtet er i Maos Lille Røde på Kvarteret kl. 1415 til 1600 mandag 19. november.

 

Powered by Labrador CMS