Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Tenk deg eit forskarliv med utsyn over San Fransisco Bay over mot Golden Gate Bridge. Det kan bli kvardagen om du blir med på UiBs nye, internasjonale satsing: Peder Sather Center for Advanced Studies ved University of California, Berkeley.
– Kvalitet er smittsamt, sa ein entusiastisk rektor ved UiO, Ole Petter Ottersen, til Uniforum under opninga av Peder Sather Center for Advanced Studies ved University of California, Berkeley 25. oktober. Og tanken er at dei norske universiteta ikkje skal smittast av kva som helst, men av eliteuniversitetet Berkeley, med 22 Nobelprisvinnarar og ein tiandeplass i rankingen til Times Higher Education i år. Rundt 100 nasjonar har allereie sine senter ved institusjonen, og Noreg blir nummer to i Norden, etter Finland. I tillegg til seks universitet er BI, NHH og Norges forskningsråd med på prosjektet. – Strålande – Senteret fekk ei strålande mottaking, og det var gode sesjonar. Frå UiB bidro Lise Øvreås om klima, mens Lise Rakner hadde innlegg om menneskerettar, fortel Helland. Ikkje flest muleg – Målsettinga til senteret er ikkje å få flest muleg norske forskarar til Berkeley, men å få dei beste, norske forskarane til Berkeley, seier sosiologiprofessor Trond Petersen til Uniforum. UiO-prosjekt John McKee, Trond Petersen og Ole Petter Ottersen under den berømte Peder Sather gate på campus Berkeley. Foto: Gro Lien Garbo Universitetet i Oslo er den institusjonen i Noreg som har jobba mest med etableringa av senteret, med professor i pedagogikk, Liv Duesund, som heilt sentral, saman med Trond Petersen. I utgangspunktet var det meininga at Statoil skulle finansiere senteret, men det er no dei deltakande norske institusjonane som betaler. Ramma er 35 millionar kroner over sju år, og så langt er planen at det kan bli utlyst stipendsummar på alt mellom 30.000 og 6.000.000 kroner. Bør posisjonere seg – Utfordringa er å gjere tiltaket kjent i grunnmiljøa våre. Vi er i ein konkurransesituasjon, og det er mange som no kan tenke seg å ha kontakt med Berkeley. UiO har særleg posisjonert seg, og det er jo dei som har bygd dette opp, fortel Helland. Men han understrekar at det er all grunn til å posisjonere seg for desse midla ved UiB òg. – Ei utfordring kan vere å få amerikanske forskarar til å reise til Noreg, så her må vi prøve å få til gode samarbeidsprosjekt mellom grunnmiljøa, seier Helland. Frå Berkeley kan ein sjå Golden Gate Bridge, og den moderne informasjonsviskapen blei til i området. No kan UiB-forskarar som har gode prosjekt komme hit for kortare eller lengre opphald. Foto: Colourbox
Dekan Knut Helland frå Det samfunnsvitskaplege fakultet var til stades under opningskonferansen i oktober. Helland representerer UiB i Advisory & Executive Board ved senteret.
Målet for senteret er å hjelpe flinke, norske forskarar å knyte kontaktar ved Berkeley, og elles hjelpe i gang samarbeidsprosjekt. Det er til ei kvar tid rundt 40 norske forskarar ved institusjonen
Han har arbeidd ved UC Berkeley i en mannsalder, og er fagleg leiar for senteret. Jeremy Sculz er Executive Director, mens dekan for utvikling og relasjonar, John McKee, har hatt hovudansvaret for å få Peder Sather-senteret etablert frå amerikansk side.
Den første utlysinga av midlar kan komme allereie i desember i år, men tidsplanen er så langt litt usikker.