Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Vi treng fleire forskarar som kan tenke seg å stille opp på Forskingsdagane, seier institusjonskontakt for Forskingsdagane ved UiB, Monika Sandnesmo. Forskingsdagane går av stabelen 17 og 18.september på Banco Rotto.
Tema for i år er ”På sporet av framtida”. Stikkord er innovasjon, nyskaping og teknologi.
- Vi oppmodar forskarar og andre tilsette ved UiB om å komme med gode forslag og idéar. Det er mykje som kan gå innanfor temaet - ein kan tenke høgt opp og langt fram, sier Monika Sandnesmo og streker under at temaet er ikkje meint å avspegle berre teknologioptimisme.
- Vi ønskjer også fokus på kva utfordringar vi står overfor i framtida. Ved UiB er vi så heldige at vi har mange miljø som er i forskingsfronten når det gjeld utvikling av ny teknologi. Samstundes har vi mange miljø som kan gå inn og kommentere utviklinga.
Så langt er Bjerknessenteret og Odontologisk fakultet ”påmeldt” til Forskingsdagane som for første gong i år tar i bruk Banco Rotto og Vågsallmenningen, noko som vil gje større plass å boltre seg på.
Forskingsdagane er ein unik arena for forskingsformidling. Sandnesmo viser til at merksemda frå publikum og media aukar kvart år, og i fjor var det arrangementa i Bergen som fekk aller mest medieomtale.
Fredag 17. september blir det skuledag med føredrag, presentasjon av skuleprosjekt og interaktive forskingsstasjonar. Dagen etter opnar dørene til Banco Rotto for alle interesserte.
- Det vi først og fremst manglar er innspel til populærvitskaplege føredrag på 20 minutt både for skuleelevane og til den opne dagen. For å vurdere forslaga treng vi ein tittel og ingress, seier Sandnesmo.
Vertskap for Forskingsdagane i Bergen i år og neste år er Høgskolen i Bergen. Prosjektleiar er Eivind Olsvik.