Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
UiB, CMI og KORO har blitt samde om å vurdere ei alternativ plassering for biletet ”Bok”.
Etter reaksjonar frå tilsette vart Margareta Bergmans kunstverk ”Bok” teke ned frå veggen i CMI og Bergen ressurssenter for internasjonal utvikling før påske. Fjerninga av biletet førte til ein oppheta debatt, og i går sat representantar frå UiB, CMI og KORO i møte for å drøfte framtida til biletet. Under møtet vart partane samde om å vurdere ei alternativ plassering for ”Bok” i Jus 2-bygget, den same bygninga som husar CMI og Bergen ressurssenter for internasjonal utvikling. (Arkivfoto: Walter N. Wehus) Vil følge anbefaling – Vi er innstilte på å finne ei ordning alle partar er nøgde med, seier han. Grønmo understrekar at UIB under heile prosessen har hatt som utgangspunkt at biletet skal forbli ved UiB og ha ei godt synleg plassering. – Vi ønskjer å behalde ”Bok” og vil følge anbefalinga KORO kjem med, seier han. Kan ta biletet tilbake – Vi hadde ein konstruktiv diskusjon, og alle blei lytta til på ein god måte. For oss har det heile tida handla om plasseringa av biletet, seier han. Elisabeth Tetens Jahn, seniorrådgjevar i KORO, delar oppfattinga av at det var eit konstruktivt møte der alle fekk kome til orde. – Vi skal no saman sjå om det er mogleg å finne ei alternativ plassering som kan fungere bra for kunsten. Vi er dermed i ein prosess og ikkje noko er avgjort enno. Dermed veit vi enno ikkje utfallet og kan ende med å ta biletet tilbake dersom vi ikkje finn ein eigna plass, sjølv om UiB ønskjer å behalde det. Ho har forståing for CMI sine synspunkt, men seier at ein samstundes må ha fleire tankar i hovudet. – Ei av våre primære oppgaver som staten sitt fagorgan for dette feltet er å forsvare kunstens rom. Vi har ikkje kome fram til noko utfall enno, seier ho.
Ifølge Sigmund Grønmo, rektor ved UiB, skal KORO no foreta ei nærare vurdering av kvar i bygget biletet skal henge.
Ottar Mæstad, direktør ved CMI, er godt nøgd med utfallet av møtet.