Vil fjerne vaksineskepsis

Publisert

Etter 14 trongbudde år på Høgteknologisenteret flytta Influensasenteret i sommar inn på Armauer Hansens hus på Haukeland. Onsdag 22. september inviterte dei til feiring.

Leiar for Influensasenteret, Lars R. Haaheim, var eit einaste stort smil då han kunne ønskje velkommen til kaffi og kake i Armauer Hansens hus. Den gamle kurssalen i 3. etasje er no omgjort til lyse og fine lokale med mykje større plass enn senteret har hatt tidlegare. Haaheim såg fram til å kunne fokusere på forskinga att.

– Kva er det som er så spennande med influensa? Viruset endrar seg kvart år, og det gjer at her ligg eit vell av interessante basalforskingsprosjekt. Dessutan er det kort veg frå laboratorium til klinisk utprøving. Sjølv om eg er ein iherdig forkjempar for fri og formålslaus grunnforsking, er det ekstra tilfredsstillande å arbeide på eit felt der resultata kjem så raskt i bruk, sa han.

Få blir vaksinerte i Noreg

Influensasenteret ligg under Avdeling for mikrobiologi og immunologi, Gades institutt, og får midlar frå mellom anna Helsedepartementet gjennom Helse Vest, og frå EU. Senteret driv både med basalforsking for å forstå korleis immunsystemet reagerer på vaksinar og smitte, og anvend forsking for å utvikle og teste nye vaksinar.

– Her i Noreg er det berre kring 10 % av befolkninga som let seg vaksinere mot influensa. Eg trur det finst ein generell skepsis mot influensavaksinar, og den vil eg gjere mitt beste for å ta livet av her og no! erklærte Haaheim.

Deretter bretta han opp skjorteermet og let seg vaksinere på staden.

– Det er jo dei gamle og svake som treng vaksinen mest, spøkte han.


Forskar på eksempelvirus

Influensasenteret er mellom anna involvert i eit pågåande EU-prosjekt som går ut på å lage ei vaksine mot eit svært virulent virus isolert frå høns.

– I den såkalla ”kyllingvirus-saka” i Hong Kong i 1997, såg ein for første gong at virus smitta direkte frå fugl til menneske. Elles unge og friske folk vart sjuke og døydde. Skrekkscenarioet er at eit slikt virus også smittar mellom menneske. Då kan det ligge til rette for ein verdsomspennande epidemi. Det viruset vi arbeidet med no, er eit eksempelvirus som ikkje smittar menneske, men som er ein representant for desse potensielt farlege virusa. Vaksinen er ufarleg. Det vi vil teste, er korleis ein responderer på vaksinen når ein ikkje har noko ”minne” i immunsystemet frå liknande sjukdommar. Korleis verkar vaksinen, kor sterke må dosane vere, kor lang tid må det gå mellom dosane? forklarte Haaheim til På Høyden.


Vil effektivisere vaksineproduksjon

EU-prosjektet er ein måte å ”tørrtrene” på ein større epidemi. Meininga er å lære om korleis prosessen med å lage ei vaksine kan effektiviserast.

– I ei krise jobbar vi mot klokka, og då må vi vite korleis vi skal uskadeleggjere viruset, dyrke det og organisere vaksineproduksjonen mest mogleg effektivt, og korleis vi skal tolke dei immunologiske resultata. Med dagens system ville det ta eit år å få ein slik vaksine tilgjengeleg. Klarer vi å fjerne snubletrådane, kan vi redusere tida til under det halve, trur Haaheim.

Instituttstyrar Karl-Henning Kalland var nøgd med at Influensasenteret no blir integrert i eit stort og tett medisinsk miljø.

– Vi har etter kvart fått gode forskingsfasilitetar, med FUGE-plattformene og med ein god utstyrspark. Den politiske viljen til å styrke forskinga, ser ut til å ha auka. No har Influensasenteret fått lokale som ikkje berre er til å leve med, men til å forske med, meinte han.

Powered by Labrador CMS