Vil flytta ex.phil.

Publisert

Olaf Smedal har ein kongstanke for heile landet: Flytt ex.phil. til fjerde eller femte semester.

– Veit de kor omfattande ex.phil. var då det vart innført i 1675, spurte Olaf Semdal, visedekan for undervisning ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet, resten av utdanningsutvalet torsdag.

Han svarte sjølv:

– Seks semester!

Akkurat slik er det vel ingen som lenger ser for seg at ex.phil. skal vera. Men korleis skal ex.phil. sjå ut i framtida? Studentparlamentet har sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på ulike måtar å integrera ex.phil. i bachelorgraden. Dei har bede mellom andre utdanningsutvalet om innspel.

– Gi dei det dei vil ha
Det fekk dei, og innspela var temmeleg klare. Alle representanane for dei vitskapleg tilsette er samde: Flytt ex.phil!

– Før tok studentane ex.phil. og etterpå bestemte dei seg for kva fag dei ville ta. No bestemmer dei seg i april for kva fag dei vil ta. Eg meiner at me bør la studentane få det dei ber om når dei kjem, og så legga inn ex.phil. som eit bacheloroppgåveførebuande tiltak i fjerde eller femte semester, sa Smedal.

Nokre institutt ved UiB har allereie flytta det som vert kalla førstesemesterstudiet. Andre vurderer å gjera det – dei meiner fråfallet vil verta mindre dersom studentane får ein smakebit av det faget dei faktisk skal studera allereie første semester.

I utdanningsutvalet vart det òg argumentert med at ved å flytta ex.phil. vil ein kunne få meir ut av det.

Både Jan Oldervoll, visedekan for utdanning ved Det humanistiske fakultet, og Norman Anderssen, visedekan for utdanning ved Det psykologiske fakultet, støtta Smedal.

– Eg trur det faglege utbyttet vil verta større dersom studentane har ein fagleg bakgrunn, sa Anderssen.

– Reinspikka konservatisme
Men kvifor gjer ein ikkje noko med ordninga dersom ein meiner at dagens opplegg ikkje fungerer? Smedal peika på at det ikkje er slik at ein må ta ex.phil. først – men ein må ta det før ein kan få ei grad.

– På HF skuldast dette reinspikka konservatisme, sa Oldervoll.

Seinare ba han om å få moderera seg sjølv:

– Å flytta ex.phil. vil bety at ein må omorganisera fagstudiet sitt. Når konservatismen slår inn som det plystrar etter, skuldast det at ein ikkje vil omorganisera – igjen. Ex.phil. vert då ein del av argumentasjonen, sa Oldervoll.

For dersom ein ikkje skal ta ex.phil. først, slik dei fleste gjer i dag, når skal ein då ta det? Dersom ein tek det i siste halvdel av studiet, kan det kollidera med tidspunktet for å reisa på utveksling.

– Men det gjeld faktisk ikkje så mange. Det er om lag 30 prosent av studentane ved SV som reiser ut – og me har flest utvekslingsstudentar, sa Smedal.

Han har det han kalla ein kongstanke for heile landet om å flytta ex.phil. Men han meiner at UiB bør gjera det uansett.

– Det vil òg gje oss eit fortrinn. Me vil kunne tilby eit mykje betre bachelorstudium enn andre universitet.

Skriv bacheloroppgåve først
Eit anna spørsmål studentane ønskjer svar på, er kva ex.phil. skal innehalda. Og skal det vera tverrfagleg eller fagspesifikt?

– Slik det er i dag har profesjonsutdanningane sitt opplegg. Må det synkroniserast, spurte Arne Tjølsen, visedekan for utdanning ved Det medisinsk-odontologiske fakultet.

– Me ser på ex.phil. som eit danningsemne. Eg meiner ein må utnytta fridommen som ligg i at ein må ta emnet før ein kan få ein grad.

Oldervoll peika på at det er mange studentar som allereie har teke ex.phil når dei kjem anten til UiB eller til eit spesielt fakultet. Han peika òg på at ein styrke med dagens bachelorgrad er at ein sjølv kan velja rekkefølgen på emna.

– Eg har sett studentar som skriv bacheloroppgåve først. Eg synest ikkje det er klokt, men eg respekterer at dei vil gjera det, sa Oldervoll, og la til:

– Eg veit korleis eg vil ha det – men eg veit òg at det ikkje er slik.

Powered by Labrador CMS