Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
UiB har bede Riksantikvaren om å anbefala ombygging av Bibliotek for humaniora. Dersom vernemyndigheitene seier ja vil bibliotekadministrasjonen flytta frå Nygårdsgaten.
Fleire kontor, eit boktårn som vert leseplassar og eit stort undervisningsrom. Dette er hovudendringane som etter planen skal gjerast ved Bibliotek for humaniora. No har UiB sendt brev til riksantikvaren og bede om ein uttale i saka. Bygget frå 1961 er nemleg verna. Dersom riksantikvaren seier ja, må UiB søka Bergen kommune om løyve til ombygging.
– Meininga er at me i bibliotekadministrasjonen skal flytta attende til biblioteket. Me måtte flytta under ombygginga i 2002, seier bibliotekdirektør Ole Gunnar Evensen.
I dag held administrasjonen og leiinga til i Nygårdsgaten 5.
– Denne flyttinga er ein del av ein større kabal. Andre kjem inn her, og i enden kan ein kanskje realisera eit eigedomssal. Samstundes sparar UB pengar, seier Evensen.
Kan verta støy
Etter den store ombygginga i 2005 var det berre skalet som stod att. Dei gamle møblane frå 1960-talet var allereie tekne vekk.
– Riksantikvaren var den gongen oppteken av det opphavelege, og særleg av inngangspartiet med kunstverket. Tidlegare var det utstillingslokale der kafeen held til i dag, seier Evensen.
Ombyggingsplanane, som OG Arkitekter har laga saman med UiB, vil medføra ombygging i alle tre etasjane. I underetasjen skal det lagast møte/lunsjrom, kjøken, to lager og kopirom. I første etasje vert boktårnet gjort om til studentarbeidsplassar, og på det øvste planet skal det inn fleire nye kontor. I skisseprosjektet heiter det at byggetid kan verta om lag seks månader, men at det må vurderast om ein skal jobba i alle tre etasjane samstundes. Ein del av arbeidet vil gi ein heil del støy.
Studentarbeidsplassar i boktårn
Bibliotekdirektøren understrekar at studentane vil koma betre ut med den nye løysinga. Nokre studentarbeidsplassar vil forsvinna i både første- og underetasjen, men desse vil verta erstatta i eit av boktårna.
– Kor gjer de av bøkene?
– Me har jobba, og jobbar framleis med, å verta elektroniske. Det betyr at ein del tidsskrift no berre finst i elektronisk form. Det er enkelt å rydda ein etasje i boktårnet, seier Evensen.
Òg i underetasjen vert nokre bokreolar fjerna i samband med ombygginga. Der vert det i staden lunsjrom. I dag er dette rommet i øvste etasjen, men det vert erstatta av kontor.
Denne skissa viser korleis det kan verta i første etasje. Dei gule felta viser endringar samanlikna med dagens bygg. Illustrasjon: OG Arkitekter for UiB
Vil etablera skrivesenter
Nokre av arbeidsplassane i boktårnet vert øyremerka til eit såkalla skrivesenter. Målet er at senteret skal vera i gang allereie til hausten.
– Dette vert eit tilbod til alle studentane ved HF, seier Birger Solheim, førsteamanuensis ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.
Tanken er at når studentane slit med ei oppgåve, i første rekkje ei semesteroppgåve eller bacheloroppgåve, kan dei bestilla ein time hos skrivesenteret.
– Dei vil då få ein time til rettleiing. Det beste er om dei kan levera tekst frå seg på førehand, men av og til kjem ein nok til å møta studentar som slit med å koma i gang med skrivinga og rett og slett treng hjelp til å formulera ei problemstilling, seier Solheim.
Skrivesenteret er laga etter modell frå mellom anna USA og England. Det finst òg slike senter i Danmark og Sverige, og i Noreg har Høgskolen i Vestfold nyleg oppretta eit skrivesenter.
– Kven skal gi rettleiing?
– Det vil verta ei blanding av fast tilsette med spesialkompetanse innan rettleiing og studentar. Då tenkjer eg spesielt på masterstudentar som då må ta eit eige kurs i korleis dei skal gi tilbakemelding på tekst, seier Solheim.
Han understrekar at det planlagde senteret på ingen måte skal ta jobben frå dei faglege rettleiarane.
– Men me ser at dei som rettleiar studentane først og fremst har fokus på fag – ikkje så mykje på skrivinga. Ved skrivesenteret skal ein kunne få rettleiing i det reint strukturelle ved ein tekst. Det må sjølvsagt gjerast utan at ein skriv oppgåva for studentane, seier Solheim.
Gler seg til å flytta
Evensen meiner at eit skrivesenter er ein god idé. Han seier at når plassane på skrivesenteret ikkje er opptekne med rettleiing, kan kven som helst bruka dei.
– Me har vore i kontakt med studentane før planane for ombygginga vart laga. Stader der dei kan jobba var noko dei ønska seg, seier Evensen.
Bibliotekdirektøren gler seg til å flytta. Han synest det er vanskeleg å sitja så langt unna dei han skal leia.
– Kva seier dei tilsette?
– Det har vore ein romkomité som har jobba med planane, og dei me skal flytta inn hos er med på planane, seier Evensen.
Det originale interiøret var fjerna før den store ombygginga som starta i 2002. Når det no er planar om ei ny ombygging, understrekar bibliotekdirektøren at det ikkje vert endringar i måten lyset kjem inn i bygget på. Foto: UB, bildesamlinga