Vil forstå oljen

Publisert

I Nordsjøen reknar ein ikkje med å finne fleire store oljefelt. No blir utfordringa å hente ut meir olje frå dei felta som allereie finst. Då trengst det både fagkunnskap og samarbeid, og forskarar i Bergen står i fremste rekkje.

– Vi vil prøve å utvikle betre modellar for å finne ut korleis olje og vatn strøymer i eit reservoar, seier Silje S. Berg. Ho er geolog og stipendiat ved Centre for Integrated Petroleum Research (CIPR) ved Universitetet i Bergen. CIPR er tverrfagleg og inkluderer folk frå fleire naturvitskaplege disiplinar, mellom anna geologar, kjemikarar, matematikarar og fysikarar. Alle skal dei hjelpe til med å finne svaret på spørsmålet «korleis få opp meir olje frå Nordsjøen».

For at så mange fagfelt skal kunne samarbeide, må dei først lære kvarandre sine språk.

Snakkar ulike språk

– Ein matematikar og ein geolog kan prate saman i timevis, og viss dei har maks uflaks, kan dei ha snakka fullstendig forbi kvarandre, seier matematikar Erlend Øian. Han forklarer:

– Når ein geolog snakkar om ein modell, ser han gjerne for seg eit tredimensjonalt bilete av berggrunnen. Når eg snakkar om ein modell, ser eg for meg eit sett med likningar. Men eigentleg er det jo same tingen, vi har berre ulike måtar å beskrive det på.

– Difor har vi teke med oss matematikarane ut i felt, så vi kan vise dei korleis vi arbeider, fortel Silje. Erlend er ein av dei som har lært geologi på denne måten.

– Eg høyrde stadig at dei sa «aha, interessant!», og eg tenkte «javel, kva er det dei ser?». Men etter kvart lærte eg jo litt meir. Ein av effektane av dette senteret, er at studentane som passerer her, lærer å tolke andre sine data, og samarbeide med personar frå andre fagfelt. Ein som er utdanna på dette senteret, vil ha ein brei bakgrunn, og kan gjere meir enn å berre jobbe med olje, seier han.

– Men samstundes er det viktig at vi ikkje misser den faglege forankringa. Ein treng ikkje å være like stor ekspert i både geologi, fysikk og matematikk, presiserer Tore Skar, som også er geolog. I valet mellom spesialisering og breidde meiner han heller det er snakk om eit «ja takk, begge delar».


Forsking på lang sikt

Geologane si oppgåve er å beskrive bergartane og finne ut korleis oljereservoaret blei danna. Fysikarar skal forklare straumingsmekanismane i reservoaret. Og matematikarane skal oversette alt dette til matematiske modellar for oljeutvinning. Senteret har fått finansiering i ti år framover, og etter planen skal 200 hovudfagsstudentar og 100 doktorgradsstudentar utdannast gjennom senteret i løpet av denne perioden. Om senteret kan hjelpe industrien til å utvinne berre nokre promille meir olje i Nordsjøen, vil den økonomiske gevinsten bli stor. Statusen som SFF gjer at forskarane kan arbeide langsiktig, utan å vere redde for konjunktursvingingar i industrien.
Feltarbeid er ein del av arbeidet. Dei har vore både i Hellas, i England og sist i Oslo.

– I Nordsjøen ligg jo oljen tre-fire kilometer under havbotnen, så du kan ikkje sjå reservoaret direkte. Difor prøver vi å leite opp område på land som liknar områda i havbotnen - kanskje dei er danna samtidig, eller dei er bygd opp på same måten - og så ser vi på dei i staden, forklarer Tore.

Mykje av potensialet ligg i å betre overgangen frå geologisk til matematisk modell.

– Vi matematikarar stiller gjerne krav til modellane våre som kanskje går på tvers av det geologane vil ha med for å beskrive bergartane, forklarer Erlend. Tore er samd i at arbeidet har store utfordringar:

– Innimellom riv vi oss i håret og tenkjer «kvifor må det vere så komplisert!».

– Samstundes har vi stor fridom. Vi kan velgje å ta kurs innanfor andre fag, vi kan jobbe med nye problemstillingar som dukkar opp undervegs. Og sidan det er eit mål for senteret å ha god kontakt med internasjonale miljø, kan vi også reise ein del, seier Izaskun Garrido, som er matematikar. Det einaste ho saknar, er fleire kvinnelege kollegaer.

– Det burde vere fleire kvinner på tekniske område. Fleire av stipendiatane har fått barn medan dei har jobba med prosjektet, så det er ingen grunn til at kvinnene skal forsvinne!

Powered by Labrador CMS