Vil gjerne kalla flinke kvinner

Publisert

Insentivordninga for å rekruttera kvinner til toppstillingar i real- og teknologifag fungerer ikkje, viser ein ny rapport. – Me har ikkje ein god nok verktøykasse, seier påtroppande dekan Helge K. Dahle.

I 2010 innførte Kunnskapsdepartementet ei insentivordning som skulle gjera det enklare å rekruttera kvinner til vitskapelege stillingar innan real- og teknologifag. Ni institusjonar, blant dei UiB, vart plukka ut. Men ein fersk rapport frå Proba samfunnsanalayse viser at ordninga ikkje har fungert: Det har rett nok vorte tilsett nokre fleire kvinner innan desse fagområda, men auken har ikkje vore større dei siste åra enn i åra før.

Det var sett av 30 millionar kroner til ordninga, og regelen var at institusjonane ville få tilført midlar etter at kvinner vart tilsett. No anbefaler Proba at insentivordninga ikkje vert vidareført.

– Evalueringa viser at det er fagmiljø sjølve som må ta grep for å sikra meir likestilling. Sjølv om insentivordninga vart anbefalt som eit effektivt tiltak, ser dessverre ut til at ordninga ikkje har fungert etter intensjonen, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen i ei pressemelding.

Ho seier at regjeringa i forskingsmeldinga har bede Komité for kjønnsbalanse i forsking om å koma med konkrete forslag til korleis ein raskare kan nå kjønnsbalanse i universitets- og høgskulesektoren.

Verktøy som verkar
– Me har sett av ein spesiell pott til kvinnelege toarstillingar, me lyser i stor grad ut førsteamanuensisstillingar i staden for professorat, og me gir kvinner hyppigare forskingstermin. Men me ser at tiltaka berre hjelper i lita grad.

Det seier Helge K. Dahle, som er påtroppande dekan ved Det matematiske- naturvitskapelege fakultetet.

– Eg meiner at verktøykassen me har i dag ikkje er god nok. Me må ha verktøy som verkar, seier Dahle.

Rapporten peikar på at det er mange tidspunkt i ein tilsetjingsprosess der ein kan gjera noko for å få fleire kvinner blant søkjarane: før stillinga vert lyst ut kan ein bestemma seg for kva nivå ein skal lysa ut på. Førsteamanuensisstillingar ser ut til å gi fleire kvinnelege søkjarar enn professorat. Når ein formulerer utlysingsteksten kan ein tenkja på kva som vil trekkja kvinnelege søkjarar. Proba skriv at det deira informantar seier, er at breie utlysingar gir flest kvinnelege søkjarar. Vidare kan ein kontakta aktuelle kvinner og oppmoda dei om å søkja, og ein kan informera dei som sit i den sakkunnige komiteen om insentivordninga. Dette kan gjera at dei kan vurdera alle dei kvinnelege søkjarane nøye, sjølv om dei ved første augekast ikkje ser ut til å vera dei sterkaste kandidatane. Til slutt kan ein nytta moderat tilsetjing ved tilsetjing.

– Søkjer det trygge
Rapporten peikar på eit kjent problem innan akademia: mange mellombelse stillingar. Dette kan gjera at kvinner hoppar av ein akademisk karriere, men det kan òg gjera at kvinner let vera å søkja stillingar – fordi dei reknar med at det er mannlege søkjarar som i større grad har lukkast i å bygga opp meritterande kompetanse.

Dahle meiner at dette er noko av kjernen i problemet. Han peikar på at det òg er ei kjennsgjerning at mange kvinner får barn i same periode som dei skal bygga opp ein akademisk karriere.

– Det er nok slik at kvinner ofte søkjer tryggare stillingar enn det menn gjer. Samstundes er dei kvinnelege tilsette me har ved fakultetet svært dyktige, og statistikken viser at kvinnelege førsteamanuensar får kjapt opprykk til professor, seier Dahle.

Vil kalla kvinner
I ei mykje omtalt tilsetjingssak ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet kom spørsmålet om radikal kjønnskvotering opp. Denne saka er no hos Sivilombodsmannen.

Dahle meiner at ein må ta meir radikale grep i bruk for å få tilsett fleire kvinner. Det meiner han er viktig mellom anna for å få rekruttert kvinnelege studentar.

– Dersom eit studie er heilt mannsdominert når det gjeld kven som underviser, vil det nok ikkje synast veldig attraktivt for kvinner, seier han.

– Eg synest det er synd at me ikkje i større grad brukar intensjonane i universitets- og høgskolelova som gjer det mogleg å kalla dyktige kvinner til stillingar i akademia, legg han til.

– Korleis skulle det skje i praksis?

– Det kan skje på fleire måtar. Problemet er ikkje at fagmiljøa våre ikkje kjenner til dyktige kvinner ein kunne ønskja å tilsetja. Hovudproblemet er at universitetsstyret ved UiB ikkje har ønska å ta kalling i bruk som verkemiddel for betring av kjønnsbalansen i særs mannsdominerte miljø. Uansett må det vera klare krav til kompetansen hos den som vert kalla.

I lova heiter det at «når særlige grunner taler for det, kan styret foreta ansettelse i undervisnings- og forskerstilling utan forutgående kunngjøring».

Klar karriereveg
Då statsminister Jens Stoltenberg og kunnskapsminister Kristin Halvorsen presenterte den ferske forskingsmeldinga i vår, fortalde dei at det no vert lagt opp til såkalla innstegsstillingar. Dette er stillingar som skal kunne kvalifisera for ei fast, vitskapeleg stilling.

Dahle seier at mykje er uavklart når det gjeld desse stillingane, men likar tanken. Han understrekar at ein uansett må ha ei phd-grad i botn.

– Eg trur at dersom kvinner ikkje ser ein klar karriereveg i akademia, så søkjer dei mot noko tryggare. Hos oss er det mange, både kvinner og menn, som får jobb i industrien etter å ha tatt doktorgrad, seier Dahle.

UiB har BFS-ordninga, der pengar frå Bergens forskingsstiftelse vert gitt til unge forskarar. Dersom dei fyller krava som er sett, ventar det ei professorstilling i andre enden. Sidan første utlysing i 2005 har 20 unge forskarar fått midlar.

– Eg vil tru at regjeringa har sett mot BFS når dei har laga ordninga med innstegsstillingar, seier Dahle.

Han seier at ordninga har vore svært positiv for Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet.

– Håpet er at dei nye innstegsstillingane skal fungera på liknande vis. Fakultetet vil i så fall kunne retta slike stillingar spesifikt inn mot område som er sterkt mannsdominerte, men der ein kjenner til at det vil vera gode kvinnelege søkjarar, seier Dahle.

Han seier at fire av ti frå fakultetet som har motteke BFS-stipend er kvinner.

– Me treng heilt klart nye verktøy for å få fleire kvinner inn i akademia, og me må sjå på kva det er som gjer at dei verktøya me har ikkje verkar – og om dei verktøya som faktisk finst vert brukt i tilstrekkeleg grad, legg han til.

 

 

Powered by Labrador CMS