Vil ha fakulteta med på laget

Publisert

– Kor er entusiasmen, lurer Yngve Høiseth. Studentleiaren vil ha dei tilsette meir på bana – bokstaveleg tala – under årets fadderveke.

– Det er ein signaleffekt knytt til at dei tilsette deltek, meiner Yngve Høiseth.

– Det vert til dømes arrangert idrettsdag ved dei fleste fakulteta. Kvifor ikkje stilla med lag med tilsette frå dei ulike fakulteta eller institutta?

Utdanningsutvalet diskuterte opplegg for fadderveka i møtet i dag. I førre møte vedtok universitetsstyret at ei arbeidsgruppe skulle sjå nærare på tre ting: Kor lang fadderperioden skal vera, tiltak for å avgrensa alkoholbruken og opplæringstiltak for fadrane.

– Nokre kan gjera meir
Både utdanningsutvalet og arbeidsgruppa var samde i at fadderveka skal vara ei heil veke, og at ho i år vert i veke 33. Det er den same veka som UiB har semesterstart. Dei er òg i utgangspunktet samde om at fagmiljøa må koma meir på bana. Arbeidsgruppa meiner at dette kan bidra til ein sterkare fagleg profil og vera eit middel til å redusera alkoholbruken under arrangementa.

– I dag er fakulteta med i varierande grad. Nokre gjer mykje, andre kan gjera meir, sa viserektor for utdanning Kuvvet Atakan.

Olaf Smedal, visedekan ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet, sa at han rår til at alle institutta vert med på fakultetsdagen, som vert arrangert fredag i faderveka.

– Det er viktig at denne dagen finst, og det er viktig at dei ulike institutta deltek på same tid. Alle studentane er melde inn i eit program, og det programmet bur på eit institutt. Studentane må få koma og sjå i korridorane, sa Smedal.

– Men det er veldig tilfeldig korleis det fungerer med fakulteta i dag. Kanskje kunne fakulteta til dømes ha fellesarrangement og visa dei ulike fagmiljøa – og gjera meir ut av det enn ein instituttleiar som seier «hei, her held me til» og så gi eit populærvitskapeleg foredrag, sa Høiseth.

– Ein må jobba for ei kjensle hos fadrane om at dei representerer UiB og tek i mot nye studentar på vegne av universitetet. Eg har vore fadder sjølv, og då var kjensla at «me er studentar som tek imot dei nye studentane», sa Njaal Neckelmann.

Vil kursa fadrane
Det har vore sagt og skrive mykje om alkoholbruken under fadderveka. Arbeidsgruppa presenterer ein idé om at fadrane vert betre kursa enn tidlegare.

– Det me kan tilby i år, som på mange måtar er ein overgangsfase, er ein kursmodell som inneheld ei rekkje element. Det er naturleg at SiB vert med og presenterer lykkepromilleprosjektet sitt, og at HMS-seksjonen vert med. I tillegg kan ein sjå føre seg nokre fakultetsvise modular ut frå kva som er utfordringane ved dei ulike fakulteta. Nokre fakultet slit med å få tak i nok fadrar, medan ved andre fakultet er det mange som ønskjer å vera fadder. Då vert utfordinga å finna dei som er best eigna, sa Atakan.

Atakan sa vidare at poenget med ei kursing er å gjera fadrane medvitne om fadderrolla og om dei ulike situasjonane dei kan koma borti. Arbeidsgruppa nemner innføring i førstehjelp, tryggingstiltak, handtering av media og korleis ein skal handtera ulike problemstillingar som kan dukka opp under fadderarrangementa som emne på eit fadderkurs.

300 000 til Kvarteret
Onsdag hadde læringsmiljøutvalet møte, og dei kom med ei innstilling om kven som skal dela den halve millionen som skal gå til tiltak under fadderveka. Det skal verta lagt vekt på om arrangementa har ein solid fagleg, kulturell, friluftsretta eller sportsleg profil.

– Vår innstilling er 300 000 kroner til Det akademiske kvarter og 80 000 til Hulen. Då er det litt pengar att, og nokre av dei går til Skeive studentar og til eit prosjekt der mellom andre Attac er med. I tillegg får nokre mindre arrangement støtte, sa Høiseth, som leiar læringsmiljøutvalet.

 

 

Powered by Labrador CMS