Vil ha forskarane ut av kontoret

Publisert

At professor Gerd Kvale har forskingstermin, gjer at Helse Bergen har fått ein ny klinikk. Kvale meiner fleire forskarar bør koma seg ut av kontoret.

– Me byggjer opp ein klinikk der me leverer kvalitetssikra behandling for pasientar med tvangstankar, seier Gerd Kvale.

Ho er professor i psykologi og har no to års forskingsfri. Desse åra fordeler ho på fire år i Helse Bergen, der ho byggjer opp ein klinikk som skal behandla pasientar med tvangslidingar, kalla OCD, etter ERP-metoden (eksponering med responsprevensjon). Med på laget har ho Bjarne Hansen. Han er førsteamanuensis ved NTNU og spesialist på OCD. Mellom anna var han med i TV3 sitt program «Psyk forandring», som handla om åtte pasientar ved Østmarka behandlingssenter utanfor Trondheim.

Studentane tek del
Klinikken som no er oppretta, er plassert på Sotra, som ein del av Øyane DPS.

– Dette er ein klinikk for både barn, unge og vaksne. Me er ein del av spesialisthelsetenesta, seier Kvale.

Frå nyttår vert tilbodet for barn, unge og vaksne lokalisert på Fjell helsesenter.

Det spesielle ved klinikken er at òg studentane får vera med. Frå første delen av studiet er dei tilsett som assistentar, får opplæring og vert ein del av teamet.

– Studentane har godt av tidleg klinisk praksis. Dei vert gode terapeutar og får nok òg eit anna perspektiv òg på dei teoretiske delane av studiet. Dei me har med oss no, er svært dyktige og topp motiverte, seier Hansen.

Han meiner at ein av fordelane er at studentane kan få publisert artiklar i løpet av studiet, og at det slik vert kortare veg til doktorgrad.

– Dette er ein ny måte å tenkja og driva på, seier Hansen.

– God klinikk pluss kvalitetssikring pluss forsking pluss klinikknær opplæring er lik sant, seier Kvale.

– Me kjem frå universitetet og kan mellom anna bidra til at det vert starta opp klinikknærforsking som ein integrert del av den daglege drifta. Dette er viktig både for foretak og for universitet. No er mellom anna to doktorgradsstipendiatar og ein psykiater som har eit års forskningstid kopla til klinikken, og me har starta fleire samarbeidsprosjekt med sterke forskningsmiljø ved UiB.

Både Kvale og Hansen meiner det er viktig at studentane treffer pasientar ute i den verkelege verda – ikkje berre dei som kjem til ein universitetsklinikk. Dei som kjem dit, har ofte heilt andre lidingar.

– Klinikken gjer at studentane får sjå ekte menneske tidleg. For dei vert dette ein relevant deltidsjobb, og frå neste haust vert det òg praksisplassar, seier Kvale.

– Me er ti-tolv hovud. Men absolutt ikkje så mange stillingar, legg ho til.

Må gjera det ein er redd for
Kort fortalt er OCD angstliding karakterisert av tilbakevendande, påtrengande tankar, bilete eller idear som gir angst, ubehag eller som vert opplevd som upassande, og forsøk på å motstå tvangstankane ved å utføra tvangshandlingar. Behandlinga hos det som har fått namnet OCD-teamet i Helse Bergen går ut på å utsetja pasientane for det dei er redde for. Behandlingsmåten har fått mykje omtale i media, der tidlegare pasientar har stått fram og fortalt korleis dei har vorte friske.

– Pasientane får både gruppebehandling og individuell behandling. Pasientane er nøgde med at dei òg treffer studentar, og dei aller fleste vert friske. Faktisk er det nokre av pasientane som i ettertid har vore med på å undervisa studentane, seier Kvale.

Fleire av dei har òg stått fram i media, mellom anna har Helse Vest sitt magasin Helse i Vest skrive om dei.

Gerd Kvale, som er professor og psykologspesialist, leiar arbeidet med OCD-klinikken i Helse Bergen. Bjarne Hansen vart headhunta frå Trondheim og har ansvar for arbeidet retta mot barn og unge. Foto: Hilde Kristin Strand

Ønskjer meir samarbeid
Kvale var tidlegare dekan ved Det psykologiske fakultet. Ho seier at det ho no gjer, er å bruka forskingstida til å realisera i praksis noko av det som har vore fakultetet sine strategiske planar.

– Det har alltid vore viktig for meg å halda klinikk og forsking ved like, og eg brenn for eit sterkare samarbeid mellom universitet og dei samfunnsinstiusjonene me skal levera kunnskap til. Etter mi oppfatting ligg det store urealiserte moglegheiter i å bruka deltidsstillinger mellom dei kliniske miljøa og helseforetaket, seier Kvale.

Ho meiner at det i prinsippet ikkje er noko i vegen for at tilsette i dei kliniske fagområda kan bruka forskingstida si tettare integrert i helseforetaket.

– Dette er ein ny måte å tenkja og jobba på, som klart kan overførast til andre felt, meiner Hansen. Dei to psykologane nemner både depresjonar og rus som døme på andre fagfelt der dei meiner ein slik modell kan fungera godt.

Kvale seier at studentane er svært interesserte i å få jobba ved klinikken, men at ein førebels ikkje har plass til alle som ønskjer det. Men fleire av dei står allereie, tidleg i studiet, som medforfattarar av ulike artiklar.

 

 

Powered by Labrador CMS