Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Vår viktigaste oppgåve er ikkje å stogge klimaendringane, men å tilpasse samfunnet slik at vi kan skape utvikling trass i dei, meiner direktør ved Bangladesh Centre for Advanced Studies (BCAS), dr. Atiq Rahman. Fredag vitja han Bjerknessenteret.
Ikkje alle land slepp like lett frå ei global oppvarming som nordmenn. Rahman kom til Bergen og Bjerknessenteret etter ei mellomlanding i Oslo der han deltok på Nansenkonferansen om klimaflyktningar, som vart arrangert av regjeringa og Flyktningehjelpen i høve Nansenjubileet. Heimlandet til Rahman, Bangladesh, er mellom dei som vil bli sterkast råka av klimaendringane, og det er estimert at fleire millionar menneske vil bli tvinga til å flykte frå heimane sine dei neste tiåra, mange av dei på grunn av flaum eller havstiging. For mykje og for lite vatn BCAS samarbeider med Bjerknessenteret om å kartleggje konsekvensar av klimaendringar i Bangladesh, og monsunen spelar ei viktig rolle i dette arbeidet. Ved å kople lokale data frå Bangladesh med Bjerknessenteret sin klimamodell, kan ein få betre kunnskap om korleis monsunen og andre regionale klimafenomen kan kome til å endre seg med høgare temperaturar. Dette skal i neste omgang hjelpe styresmaktene i Bangladesh til å ta meir velfunderte politiske avgjerder. Vanskeleg å spå ekstremvêr – Modellar viser at vi kan vente mellom 5 og 20 prosent nedgang i produksjonen av ris og andre kornsortar. Samstundes kan vi vere visse på at dei viktigaste konsekvensane av klimaendringar vil vere uventa. Som klimaforskarar har vi ei nær umogleg oppgåve: Med modellane våre kan vi studere storskalaendringar, men folk vil ha konkrete råd om kva dei skal gjere no. Vi veit til dømes at syklonar vil bli eit aukande problem, men sannsynlegheitsfordelingar hjelper ikkje bøndene til å planlegge kva tid dei bør så og hauste. Bangladesh ligg inst i Bengalbukta, i den nedre enden av utlaupssystemet frå Himalaya. Landet er dermed sårbart både for flaum i elvene og for stigande hav. Ei havnivåstiging på éin meter vil ete opp nær ein femdel av landarealet og sende 20 millionar menneske på flukt. – For forskarar er det gjennomsnittstemperatur som er den viktigaste klimaendringsmarkøren, men for folk flest er det ekstremhendingar som er viktigast. Storflaumar og syklonar er traumatiske hendingar også for dei som ikkje misser livet eller livsgrunnlaget. Samstundes er utfordringane våre på eit nivå som gjer dei vanskelege å løyse teknisk. Elvene kan bli 8-9 kilometer breie. Ei flomhending i ei slik elv let seg ikkje utan vidare tilpasse europeisk ingeniørkunst. Må ha plan for flyktningar – Øydeleggingskrafta i ei ekstremhending er eit produkt av intensiteten i hendinga, utviklingsfundamentet i samfunnet, og tilpassingsevna. Klimaendringar vil føre til stadige tilbakeslag i helse- og utviklingsnivå. Vi må finne løysingar for å kompensere for dei tapa som klimaendringane vil føre til. Bærekraft må inn på alle nivå i planlegginga, hevda Rahman. Her har både vitskap og lokalkunnskap ei rolle å spele, meinte han. Lokale matprodusentar har til dømes røynsle med kva sortar som fungerer ved ulike tilhøve. Vitskapen kan opne eit større spekter av moglegheiter for lokalsamfunna, hjelpe med kunnskapsoverføring og bruke klimaendringane som læringssystem for å samle kunnskap som seinare kan nyttast også på andre arenaer. – Men same kor godt vi tilpassar oss, vil mange menneske måtte flykte på grunn av klimaendringane, og vi treng ein global plan for dette, sa han.
– Vi reknar med at i Sør-Asia vil 60-70 prosent av klimaendringane manifestere seg i samband med vatn. Både flaum og tørke får alvorlege konsekvensar for vanlege folk. I tillegg er det problem med feil type vatn, som forureina vatn eller saltvatn som sig inn i vasskjeldene i låglandet når havet stig. Vi ser allereie at kvinner i utsette område har høgare blodtrykk på grunn av større inntak av saltvatn, som igjen fører til auka svangerskapsrisiko. Dette må vi finne praktiske løysingar på. Til sist har vi vatn til feil tid. Monsuntida flyttar seg, og det får alvorlege konsekvensar for bøndene.
Sør-Asia er prega av sterk folkeauke og stor fattigdom, men også høg økonomisk vekst som rett nok er ujamt fordelt. Modelldata tyder på at oppvarminga i Sør-Asia vil liggje over verdsgjennomsnittet.
Rahman meiner det er grenser for kor mykje eit fattig land som Bangladesh kan gjere for å minske sine utslepp av klimagassar, sidan utsleppa er så små i utgangspunktet. I staden må ein satse på utvikling kombinert med klimatilpassing i alle delar av samfunnet.