Vil ha lukka merder

Villaksinteressene håper at det blir lukka merder i sjø på sikt. – På ein eller annan måte må dei finne fram til teknologi som gjer at ein kan drive oppdrett utan å svekke laksestammar, meiner dagleg leiar Geir Ove Henden ved Voss klekkeri.

Etter meir enn tjue års intensivt arbeid for å ta vare på villaksen i Vosso er Henden og kollegaene no spente på kva som vil skje.

– No blir det ein stor gytebestand, og så spørs det om det er det som skal til. Om ein klarer å få dette til å gå rundt naturleg, er det jo veldig bra. Men laksen er hardt pressa frå mange kantar, så det er ikkje usannsynleg at han treng hjelp i framtida òg, trur Henden.

– Ikkje berekraftig
Helst ville han kultivert smolt i store tal og satt dei ut ei stund til.

– Men det optimale er sjølvsagt å få elva til å fungere sjølv.

Han har og von om at det blir endringar i oppdrettsnæringa framover.

– Næringa er ikkje berekraftig no, og det skal ho vere. Eg har tru på at tette anlegg i sjø vil komme. Det er altfor mange negative effektar slik oppdrett blir drive i dag, synes Henden.

 

På Voss klekkeri blir smolten fora opp i desse kara. Foto: Dag Hellesund

Positivt med lukka merder
Forskingsleiar Bjørn Barlaup er òg positiv til lukka merder.

– På den biologiske sida er det ikkje tvil om at det vil ha ei veldig positiv effekt. Det er generelt stor fokus både frå Mattilsynet og oppdrettarane for å halde lusebestanden nede når laksesmolten går ut gjennom fjordane. Lukka anlegg kan derfor være et viktig virkemiddel i dette arbeidet, seier Barlaup.

Knut Horvei i Bolstadelva Grunneigarlag har hatt mange, nøgde laksefiskarar i elva i år. Den massive utsettinga av smolt har gitt mykje laks, og fleire på 17-18 kg har blitt tatt.

– Fiskarane synest at det er heilt fantastisk, og laksen ser frisk og fin ut. Volumet på fisket med all slepelaksen er jo heilt unaturleg, seier Horvei.

Fiskarane betaler gjerne 2400 kroner for eit dagskort for to stenger, sjølv om dei må sleppe ut att laksen i dei fleste tilfella.

– Matauk er over og ut. Det er catch and release som gjeld, og slik vil det nok vere for dei fleste fiskarane i framtida, trur Horvei.

Laks til alle
Men sportsfiskarane som får snutemerka laks i år får ta med seg fangste heim, etter at fisken er målt og veigd, og hovudet er skore av for forsking.

Laksen som blir fanga i not blir seld til oppkjøparar, og difor er det muleg å kjøpe røykt villaks på Torget i Bergen i sommar, til 590 kroner kiloen.

Tysdag 13. august er det Villaksens dag, og då vil det bli muleg å fiske i elva. I tillegg kan Bolstadelva grunneigarlag ha ledig fiske ein og annan dag denne månaden.

 

Eirik Straume Normann balanserer på esingen når laksen skal ut av nota. No kan du kjøpe forskingslaks på Torget i Bergen. Foto: Dag Hellesund

Powered by Labrador CMS