Vil ha økonomi og reseptrett

Publisert

«Meir økonomi i utdanninga!» var omkvedet då Karrieresenteret, Universitetet i Bergen og Bergen Næringsråd inviterte næringsliv og fagfolk til lunsjmøte om havbruksstudiet i Bergen.

I samband med innføring av kvalitetsreforma ligg det ei forplikting på Universitetet om å gjere utdanninga meir relevant for studentane sine potensielle arbeidsgjevarar. Viserektor for utdanning, Leiv K. Sydnes, understreka ved møtet 27. januar at dette gjev næringslivet langt større grunn enn før til å ta direkte kontakt med universitetet og leggje fram sine ønskjer og idear til kva eit studieprogram bør innehalde.

Professor Sigurd Stefansson frå Institutt for fiskeri- og marinbiologi presenterte dei planlagde studieløpa i den nye bachelor- og masterutdanninga innan havbruk og fiskehelse. Etter ei felles bachelor-utdanning vil studentane kunne spesialisere seg i ei av fire retninger: Havbruksbiologi, fiskeernæring, fiskehelse og kvalitet/foredling.

Han peika på at Bergen har det mest omfattande fagtilbodet i landet innan havbruk, og at ein no opplever god rekruttering både til grunnkursa og på hovudfagsnivå. Om lag like mange av havbrukskandidatane går til forsking og til næringslivet, men andelen som går til næringsliv er aukande. Difor er det viktig å få fram kva havbrukskandidatane eigentleg kan.

Innspel frå næringa

Geir Olav Melingen, også frå Institutt for fiskeri- og marinbiologi, orienterte om det nye profesjonsstudiet i fiskehelsebiologi. Fiskehelsebiologane fekk autorisasjon hausten 2002, og er no likestilte med veterinærar når det gjeld diagnostikk og behandling. Resptretten må godkjennast internasjonalt, og Melingen meinte at Universitetet har eit stort ansvar for å få gjennomslag for dette. Han oppmoda også næringa om å kome med innspel til innhaldet i masterutdanninga, og nemnde eit par problemstillingar som enno ikkje er avklarte. Kor viktig er det med praksis under utdanninga? Skal det vere obligatorisk med praksis i fiskehelseteneste eller diagnostisk laboratorium? Og kor mykje økonomi bør studiet innehalde?

- Litt av problemet for næringa har vore at dei som skal bli forskarar og dei som skal ut i næringslivet har følgt same utdanning, slik at næringa må bruke mykje tid på å lære opp ferdige kanidatar, meinte Marit Solberg frå Marine Harvest Norge AS. Ho lista opp fleire punkt i sitt innlegg om «kva vi eigentleg treng».

- Det er viktig å hugse at over 99 % av næringa er basert på laks og ørret. Det er her vi treng utvikling. Det høyrest kanskje ikkje så spennande ut, men kveite treng ikkje vere meir spennande! Dessutan har det vore eit sterkt fokus på biologi, og ikkje så mykje på produksjon og næringsmiddelutvikling. Det treng vi meir av.


Viktig med reseptrett

Solberg meinte også at næringa treng ny industriell og teknisk kompetanse.

– No kan chilenarane levere fersk, flybåren laksefilet til Paris like billeg som vi. Det trengst eit nytt rykk her. Vi har bruk for biologar som kan laks og økonomi!

Ho la dessutan sterk vekt på reseptretten:

– Ein vanleg oppdrettar har ikkje råd til både biolog og veterinær. Difor blir det gjerne til at ein vel veterinæren som kan skrive ut reseptar, sjølv om ein veit at fiskehelsebiologen kan meir om fisk. Reseptretten er heilt nødvendig.

Andreas Grimelund frå Olsen Seafood AS etterlyste ein «Master of seafood export».

– Det som ber næringa, er at nokon kan eksportere og selje produktet. Då er det ikkje nok å hekte litt økonomi på biologiutdanninga. Dette burde vere eit eige studium, kanskje eit samarbeid mellom Universitetet og Handelshøgskolen?


«Bra med konkrete forventingar»

– Det er bra å få konkrete ønskjer, tykte Ann Cathrine Bårdsgjære, ein av havbruksstudentane som tok turen innom lunsjmøtet. Trude J. Hagland var samd:

– Vi har ikkje vore så mykje i kontakt med firma tidlegare. Eg synest ikkje dei er så flinke til å marknadsføre seg som potensielle arbeidsgjevarar. Her får vi treffe nokre av dei, og dei får treffe oss.

Hagland meinte at krava frå næringslivet var omtrent som forventa.

– Dette kravet til økonomi er kanskje litt spesielt for dei som er her i dag. Vi fiskehelsebiologar driv meir med produksjon enn sal, så marknadsføring er kanskje ikkje det viktigaste for oss. Og sjølv om utdanninga blir meir næringsretta, vil vi neppe kome så langt at bedriftene ikkje treng å bruke tid på opplæring. Dei må framleis rekne med å «forme» nye tilsette.


Må vise kva UiB kan tilby

Viserektor Leiv K. Sydnes meiner at samarbeidet mellom UiB, Karrieresenteret og Næringsrådet fungerer fint.

– Næringa har problemområde som det er nyttig å gjere forskarane oppmerksame på. Og vi har eit nytt fiskehelsestudium og nye studieplanar som vi gjerne vil presentere for næringslivet. Samstundes kan vi få fram relevant informasjon om Kvalitetsreforma, seier han.

Lunsjmøtet om havbruk var nummer tre i rekka av slike møte, og det kjem til å bli fleire, seier han.

– Universitetet har ei oppgåve i å bli meir næringsretta. Dei fleste vi utdannar, skal jo ut i nærings- og arbeidslivet, og folk må kjenne til kva vi har å tilby. Og så lenge studieprogramma blir utvikla med fagfolk som drivkraft, meiner eg vi har ei garanti for at ikkje næringsomsyn får ei unaturleg stor plass.

Powered by Labrador CMS