Vil ha oss til å tvile

Publisert

Gunnar Skirbekk prøver å finne eit alternativ både til ”einvis” fundamentalisme og til ”uviss” relativisme i si nye bok ”Den filosofiske uroa”.

Jürgen Habermas som neste veke mottek Holbergprisen er framfor alt kjent for sin moderniseringsteori kring kommunikativ handling, der deltakinga i den offentlege samtalen er hovudpremisset for eit demokratisk samfunn. Hans gode kollega Gunnar Skirbekk er i haust aktuell med ”Den filosofiske uroa”, der han nettopp vil fylle eit tomrom i den norske offentlege samtalen. Boka kjem 47 år etter Skirbekk sitt gjennombrot med ”Nihilisme?” i 1958 og er eit forsøk på å svare på spørsmål han stilte den gongen.

Kva slags ”sanningar” er sanne?

Filosofiprofessorens nye bok har undertittelen ”I spenninga mellom tvil og tru” og her ligg essensen i Skirbekks prosjekt. Han vil søke etter svar i rommet mellom fundamentalisme og nihilisme, eller med andre ord:

– Mange i dag meiner at dei ”har sanninga”, men kva slags ”sanning” er sann? Vi er feilbarlege og forstår stykkevis og delt, og derfor melder spørsmålet seg om kva vi kan vite sikkert, trass i alskens tvil. Det har vore avgjerande for meg å finne eit alternativ både til ”einvis” fundamentalisme og til ”uviss” relativisme. Derfor prøver eg å kombinere innsikter og argumentasjonsformer frå Apel og Habermas på den eine sida og Wittgenstein på den andre.

I følgje Skirbekk har det ikkje mindre fundamentalisme og nihilisme i dag enn det var då han debuterte som forfattar av filosofiske tekstar på 1950-talet.

– Sjølv om det fanst både nihilistiske og fundamentalistiske utfordringar den gong, er desse utfordringane etter mitt syn endå meir påtrengande i dag, jamvel om dei opptrer på andre måtar, seier Skirbekk, som i denne boka vil utforske om det finst eit fundament som ikkje er fundamentalistisk


Skikkeleg filosofi

I ei tid med ”meiningstap” kan filosofien ha ei sanerande oppgåve, meiner Skirbekk som framfor alt vil vise korleis ein kan tenkje filosofisk på ein del sentrale spørsmål. Han vil ikkje gje ”svar og sveip”, men synleggjere forholdet mellom spørsmålstilling og arbeidsmåte. Mellom anna vil han vise korleis filosofien arbeider med omgrep og eksempel for å finne det som er naudsynt, i kontrast til det som er umogleg.

– Eg vil at folk skal få kikke oss i korta, og sjå korleis vi som filosofar resonnerer og til dømes arbeider med tankeeksperiment for å avklare omgrep. Det finst mykje lettvint populærfilosofi med enkle oppskrifter på eit betre liv og med løysingsframlegg av alt slag – slik vi ofte ser det i hyllene hjå bokhandlarane. Men eg vil gje folk ”the real thing”, ikkje ”philosophy light”.

– Eg ville kort sagt skrive skikkeleg filosofi på ein måte som folk utan bakgrunn i filosofi-faget kan forstå. Det å skrive filosofi for den vanlege opplyste lesar, meiner eg er ei viktig oppgåve – og ei undereksponert sak. Derfor er eg glad for at eg har fått skrive denne boka, sjølv om det har vore utfordrande til tider.


Kunden og sjela

Vitskapskritikk er også viktig for Skirbekk. Han peikar mellom anna på at vitskapane tilbyr ulike versjonar på kven vi er som menneske, ut frå dei ulike føresetnadene som dei ulike vitskapane legg til grunn. I dag er det ofte økonomien som dominerer og i dette perspektivet blir vi t.d. definerte oss som kundar. Eller det kan vere nevrologisk forsking med fokus på hjernen som reagerer på ulike stimuli. Men mennesket som samhandlande, opplevande og tenkjande vesen blir jo ikkje fanga inn ved dette.

Han meiner at vi skal vere forsiktige med å la oss trollbinde av slike enkeltperspektiv. Dermed går det an å vere både positiv og kritisk til vitskapane samstundes.


Det religiøse språket

I arbeidet med spørsmålet om kva eit menneske er, har Skirbekk etter kvart komme fram til at det religiøse språket har ei særeigen kraft, og at det uttrykkjer noko om det ukrenkjelege ved livet - det som i religiøst språk blir omtala som det heilage og ærefrykt for livet.

- Og eg konstaterer med interesse at dette er eit hovudpunkt i den siste boka til Habermas, Zwischen Naturalismus und Religion, og dette er eit tema som vil stå sentralt under fagseminaret 29. november, seier Skirbekk.

– Ein kan ”sekularisere” mykje, men ikkje mennesket! Og her meiner eg at det religiøse språket kan hjelpe oss med å uttrykkje det som det vitskaplege språket ikkje så lett får til. Spørsmålet om menneskeverd står sentralt i den samanhengen. Men samtidig har eg vanskeleg å skjøne at ikkje også andre livsformer, slik som dyr, kan seiast å ha ein etisk verdi, avsluttar den nyss avgåtte filosofiprofessoren, som i sitt neste prosjekt vil ta for seg spørsmålet om alternative moderniseringsprosessar.

– Var alt betre før?

– Nei, sikkert ikkje, men mykje kan bli betre. Og i dagens samfunn er det viktig å kunne reflektere over kvar ein står, og då er det godt å ha både kritisk vitskapsfilosofi og moderniseringsteori.

Powered by Labrador CMS