Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
USA har enorm påverknad på det norske samfunnet og er i tillegg ei akademisk supermakt. Likevel blir det forska lite på USA her i landet.
I vårens utgåve av tidsskriftet Replikk vert det tatt til orde for ei satsing på USA-forsking ved Universitetet i Bergen. Replikk inviterte førsteamanuensis ved Institutt for samanliknande politikk, Gunnar Grendstad, og stipendiat ved Engelsk institutt, Øyvind Vågnes, til ein samtale om USA sin superstjernestatus på det akademiske området. Dei er samde om at USA er ein svært kompleks eining, men at det ville vere interessant å ha eit sterkare forskingsfokus på USA som motvekt til den amerikanske innverknaden på vår eigen kultur og forsking. Han trur det kan vere meir USA-kritikk å finne i norske media og samfunnet generelt, enn i akademia. – Globale perspektiv rettar seg mot det amerikanske, seier han, og viser til korleis heile verda ventar i spenning på kva utanrikspolitikk Bush-administrasjonen vil drive. – Ein går ut frå at ein kjenner USA, og folk går ut og fordømmer USA over ein lav sko både i og utanfor akademia – men verkeleg forståing er det dårlegare med, meiner professor i filosofi, Ole Martin Skilleås. Christhard Hoffmann synest det er synd at det er så lite forsking og undervising som gjeld USA ved UiB.
– Eit bachelorprogram i amerikanske studiar er ein god ide som eg vil støtte, men ein må ha eit breitt grunnlag å bygge på, seier professor Christhard Hoffmann ved Historisk institutt.
Han er leiar for programstyret for europastudiar, og fortel at dette tverrfakultære programmet kom i stand i ein generelt iderik atmosfære ved HF-fakultetet.
Presidentar på rocketurné
– Det å forske på heile spekteret av den nordamerikanske kulturen, krev ulike typar kompetanse, seier Øyvind Vågnes til På Høyden.
– I USA finst det til dømes koplingar mellom politikk og underhaldningsindustri, som i seg sjølv krev eit bestemt blikk frå dei som vil sjå på det. Det er koplingar som har vore der lenge, men som eg trur er blitt forsterka. Presidentkampanjane liknar meir og meir på rocketurnéar. Det er ei utvikling som tok til allereie med Kennedy, som var ein stor performer, men mange meiner at dagens administrasjon er ein av dei dyktigaste på dette området. Dei rettar seg mot ein brei amerikansk offentlegheit, gjennom kanalar vi ikkje kjenner til. Ta til dømes måten dei brukar ordet ”fridom” på, som vitnar om ein idé om amerikansk eksepsjonalisme. Hadde vi forska meir på dette, kunne vi lært meir om korleis desse mekanismane verkar. Det er viktig å vere nøyaktig når ein skal uttale seg om det.
Avsky og avmakt
– Mange i universitetsmiljøet har nok distansert seg litt, i ei blanding av avsky og avmakt. Men hjå dei litt yngre trur eg det er ei meir velutvikla evne til å forstå den amerikanske kulturen. Så lenge kritikken ikkje er systematisk, lever han for det meste i det del-offentlege rommet. Og der lever han rikt!
Vågnes har sjølv hatt fleire forskaropphald i USA. Han er redd for at forskarutveksling med USA no møter hardare tider.
– Sjølv for folk som har vore der før, er det eit ork å reise no, med det omfattande tryggleiksregimet som er innført. Men ein må søke mot ein slags sameksistens. Isolasjon er ikkje løysinga, og den sterkaste USA-kritikken er formulert i USA. Det er viktig å vite. Dei farlegaste for alle totalitære kulturar, er dei intellektuelle. Heldigvis er forskarar i USA ikkje seg sjølv nok. Dei har store ressursar og er opptekne av dialog med andre. For litt sidan møtte eg til dømes ein amerikansk jussprofessor som hadde vore i Noreg og forska på havarerte ekteskap og trygdeordningar.
Vil ha tverrfagleg forsking
– Den nordamerikanske kulturen er nok noko av det nordmenn trur dei veit mest om, i høve til kva dei faktisk veit. Vi får så mykje av det gjennom media, og eit så sterkt kulturelt press er lett å merke. Amerikansk film dominerer på kino, og amerikansk kultur dominerer sendeflata på tv – inkludert spinn-off-produkt og reine kopiar. Då bør vi også ha ein kritisk refleksjon rundt det. Det finst forskingskulturar i USA som er perifere i høve til kva vi tenkjer på som amerikansk kultur. Ei grundigare USA-forsking kunne hjelpe oss å oppsøke miljø som er på sida av det ein vanlegvis tenkjer på.
Vågnes etterlyser USA-forsking med ein brei horisont, som kan inkludere felt som religion, politikk og økonomi i tillegg til kulturforsking.
– Kva som er føresetnadene for å få det til, veit eg ikkje, men det vil ikkje skje av seg sjølv. Likevel trur eg det kunne oppstå spennande samband i ei slik satsing.
Likt, men ulikt
– Det finst historiske og kulturelle forklaringar på kvifor USA, som tilsynelatande er så lik oss sjølve, i røynda er så ulikt, og her er det mykje upløgd mark i norsk forsking. Korleis er den amerikanske og europeiske identiteten konstruert? Her kan ein kanskje finne noko av grunnen til det ”USA-hatet” vi ser tendensar til i Europa, trur han.
Ei tverrfagleg studie- og forskingssatsing på USA er ein interessant idé, meiner Skilleås.
– Skal ein vurdere noko slikt ved UiB, må det vere forskingspolitisk vilje til det, og dinest må ein undersøkje om vi har grunnlaget for å starte noko slikt. Men personleg meiner eg heilt klart at det ville vere interessant. USA er ikkje blitt mindre viktig med åra. Det er opplagt klare skilnader mellom Europa og USA, og skal vi forstå dei, må vi forstå korleis USA oppfattar seg sjølv, seier han.
Treng initiativ og grunnlag
– Men eit slikt program krev eit grunnlag og eit initiativ, og det må gro fram i ein kultur som er positiv til slike nye satsingar. Her vil signal frå det påtroppande rektoratet vere viktig. Når det gjeld programmet for europastudiar, så vil vi at undervisinga også skal ha innverknad på forskinga. No kjem vi dessutan til å utvide programmet, og andre fag er i ferd med å tilby frie emne som kan passe inn i studiet. Slike synergieffektar er viktige, men vi har også lagt ned mykje arbeid i å utvikle tilbodet, seier Hoffmann.