Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I dag overtar kunnskapsminister Kristin Halvorsen også oppgåvene til avgått statsråd Tora Aasland i Kunnskapsdepartementet.
– Eg gler meg til å få høve til å elska eit bestemt område av samfunnet. Det sa Kristin Halvorsen då ho og dei nye SV-statsrådane blei presenterte i ettermiddag. Kristin Halvorsen er den einaste SV-politikaren som ikkje blei skifta ut som statsråd etter at SV-leiar Audun Lysbakken trengte eit nytt og yngre mannskap. Tvert imot fekk ho utvida ansvaret sitt til også å gjelda forsking og høgare utdanning etter at SV-veteranen Tora Aasland måtte gå av som statsråd. Takka Tora Aasland – Eg vil takka Tora Aasland for den jobben ho har gjort for å få sett forsking og høgare utdanning på dagsordenen i regjeringskollegiet, understreka Kristin Halvorsen. – Er du ikkje redd for at forsking og høgare utdanning kan bli forsømt når statsråden også skal ha ansvaret for barnehagar, grunnskulen og den vidaregåande skulen? – Nei, den sektoren skal ikkje gå i gløymeboka. Absolutt ikkje, garanterte kunnskapsminister Kristin Halvorsen overfor Uniforum. Studentane har håp til Kristin Halvorsen – Me kjenner Halvorsen som ein engasjert og handlekraftig statsråd, og har stort håp om at ho tar grep for at dei som vil skal kunna studera på heiltid. Me er leie oss for at høgare utdanning og forsking no ikkje lenger har ein eigen minister, men håpar og trur at Halvorsen klarer å halda fleire baller i lufta samtidig, seier Kim Kantardjiev.
Artikkelen held fram under biletet. – Forsking og høgare utdanning går ikkje i gløymebok når eg får ansvaret for heile utdannings- og forskingssektoren, lovar kunnskapsminister Kristin Halvorsen. Her står ho mellom SV-leiar Audun Lysbakken og miljøvernminister Bård Vegar Solhjell. (Foto: Ola Sæther)
Og Kristin Halvorsen var meir interessert i å fortelja om jobben som Tora Aasland hadde gjort enn å koma med programerklæringar. Det gjorde ho klart i ein kort samtale med Uniforum etter at SV presenterte Kristin Halvorsen og dei nye statsrådane Heikki Holmås, Inga Marte Thorkildsen og Bård Vegar Solhjell på ein pressekonferanse i Litteraturhuset i ettermiddag.
Leiar Kim Kantardjiev i Norsk studentorganisasjon (NSO) helsar utnemninga av Kristin Halvorsen som ansvarleg statsråd for mellom anna forsking og høgare utdanning, varmt velkomen.