Vil ikkje støtte klima-alarm

Publisert

Sist veke slo forskarar alarm på grunn av uvanleg auke i CO2-innhald i atmosfæren dei siste par åra. – Det er viktigare å vere bekymra for den langsiktige trenden, seier Christoph Heinze ved Bjerknessenteret.

Det er ein målestasjon på Mauna Loa på Hawaii som har målt ein auke i CO2-innhaldet på meir enn 2 ppm (parts per million) i 2002 og 2003, medan auken vanlegvis ligg på rundt 1,5 ppm per år.

– Denne målestasjonen har skaffa målingar sidan slutten av femtitalet, og tala er nok rette. Men ser ein på gjennomsnittet over eit år, er det likevel ikkje nok til å seie at det skjer noko dramatisk. Då er det meir bekymringsfullt at CO2-nivået i atmosfæren akselererer støtt, heilt frå femtitalet til i dag, seier professor Christoph Heinze, som leier Bjerknessenteret sitt forskingsområde på karbonkrinsløp og geokjemi.

– Vi ser at biosfæren på land og i havet mister evne til å ta opp overskytande CO2. Når det gjeld plantar på land, har CO2 ein gjødslande effekt slik at plantar gror fortare, men det vil jo ikkje halde fram i det uendelege. Når landbiosfæren når mettingspunktet for CO2, vil havet ta over. Havet har potensiale til å ta opp mykje CO2, men då snakkar vi om tidsperspektiv på mange hundre år, og det kan vi jo ikkje vente på. Difor er alt som kan redusere CO2-utsleppa av det gode.

– Men du er ikkje spesielt bekymra over det høge CO2-nivået dei siste par åra?

– Nei. Eg trur at viss ein legg for mykje vekt på slike små avvik, og dei seinare syner seg å vere tilfeldige variasjonar, gjev ein berre vatn på mølla til klimaskeptikarane. Eg trur det finst forklaringar på desse avvika om vi berre forstår prosessane godt nok. Det er dei store trendane som gjev grunn til bekymring. Dei gode nyhenda er at CO2-utslepp i prinsippet let seg kontrollere. Det er inga naturlov som seier at vi må sleppe ut meir og meir for kvart år.

Powered by Labrador CMS